Hovudside
| Velkomen til Nynorsk Wikipedia – eit fritt oppslagsverk som alle kan redigera. |
I dag er det 19. mai 2026 (oppdater) |
Actinoid eller aktinoid er ein serie grunnstoff i periode 7 i det periodiske systemet. Det uformelle kjemiske symbolet An blir brukt i generell omtale av actinoidkjemi for å visa til eitkvart actinoid. Stoffa blei tidlegare kalla actinid eller aktinid, men International Union of Pure and Applied Chemistry (IUPAC) tilrår endinga -oid, sidan -id vanlegvis blir nytta om negativt ladde ion. Actinoid er transisjonsmetall. Dei er sølvkvite eller sølvgrå på farge, og er uedle, svært reaktive metall. Alle actinoida er radioaktive.
På grunn av dei lange halveringstidene sine finst berre thorium og uran i monalege mengder på jorda og astrofysisk. Den radioaktive nedbrytinga av uran dannar flyktige mengder actinium og protactinium, medan atom av neptunium og plutonium av og til blir danna av transmutasjonsreaksjonar i uranmalm. Dei andre actinoida er reint syntetiske grunnstoff. Prøvesprengingar med kjernevåpen har frigjeve minst seks actinoid som er tyngre enn plutonium i naturen; analysar av restar etter den fyrste prøvesprenginga av ei hydrogenbombe i 1952 fann americium, curium, berkelium, californium og dei nye stoffa einsteinium og fermium. Les meir …
| Commons Felles medialager |
Wikinytt Frie nyhende |
Wiktionary Ordbok og synonymordbok | |||
| Wikifrasar Frie sitat |
Wikibøker Frie bøker |
Wikikjelda Frie kjeldetekstar | |||
| Wikispecies Artskart |
Wikiversity Frie læremiddel |
Meta-Wiki Wikimedia | |||
| Wikidata Fri kunnskapsbase |
Wikivoyage Fri reisehandbok |
- ... Jean Baptiste Debret (1768-1848) var ein fransk biletkunstnar som måla i Sør-Amerika?
- ... Fridtjof Nansen sine røynsler om Hardangervidda var med på å avgjera kvar Bergensbanen skulle gå?
- ... slaget ved Almansa under den spanske arvefølgjekrigen truleg var det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane kommandert av ein franskmann kjempa mot dei franske styrkane kommandert av ein brite?
- ... Skorpa er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre?
- ... den totale eksplosive energien utløyst av dei 224 atomprøvesprengingane på Novaja Zemlja tilsvara 265 megatonn TNT, samanlikna med berre totalt to megatonn for samtlege eksplosiva nytta under andre verdskrigen?
Grunnprinsipp
Spørsmål og svar
Hjelp
Skriva
Endra
Arbeidskontoret
Samfunnshuset
Kontakt
Vestgermanske språk: afrikaans · alemannisk · bayersk · engelsk · frisisk · jiddisch · limburgsk · luxemburgsk · nederlandsk · plattysk · skotsk ·
nordfrisisk · pennsylvaniatysk · Pfalz-tysk · saterlandfrisisk · tysk · vestflamsk · zeelandsk
Keltiske språk: gælisk · manx · skotsk-gælisk · walisisk · kornisk · bretonsk
Baltiske og slaviske språk: kviterussisk · kasjubisk · latvisk · litauisk · polsk · russisk · ukrainsk
Finsk-ugriske språk: enaresamisk · nordsamisk · estisk · finsk · livvi-karelsk · vepsisk











