Europalerk er eit innført treslag som har vorte planta stadvis i Noreg. Bildet er frå Tynset.
Gruppe av planta lerk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Europalerk er eit bartre i furufamilien. Lerk skil seg frå andre bartre ved at nålene fell av om hausten. Europalerk høyrer heime i fjellstrok i Mellom og Sør-Europa. Treslaget har vore mykje planta i Noreg, både for skogbruksføremål og som prydtre i parkar og hagar.

Faktaboks

Også kjend som
europeisk lerk
Vitskapeleg namn
Larix decidua
Beskriven av
Philip Miller
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Treet blir 5–25 meter høgt og har nålene i buntar på kortskot på eldre skot. Nålene fell av om hausten. Årssskota er gule og snaue.

Treslaget kan sette kongler med spiredyktige frø allereie frå 6–15 års alder og har derfor spreidd seg ein god del frå plantingane.

Utbreiing

Europalerk høyrer heime i fjellstrok i Mellom- og Sør-Europa, og strekkjer seg frå dei franske Alpane i vest til Polen (Sudetane) i nord og Karpatane i aust, så vidt inn i sørvestre Ukraina.

Noreg

Innføring

Ifølge Artsdatabanken var det dei tyske brørne von Langen, som først innførte europalerk til Noreg i 1740. Dei hadde med seg frø fra Tyrol. Brørne arbeidde i Noreg frå 1736 til 1746 og gjennomførte den første plantinga ved Forstmannshytta ved Hengsvatn. Staden ligg på Meheia mellom byane Kongsberg og Notodden. Frå desse forsøksplantingane forynga europalerka seg.

Det vart også planta ut europalerk både i Møre og Romsdal og i Sør-Trøndelag dei neste 60 åra. Den finst no i alle norske fylke, og treslaget er funne opp til 1000 meter over havet. Lerk inntek derfor ein brei plass blant innførte treslag.

Europalerk vart ikkje risikovurdert for økologisk risiko av framande artar i 2023. Dette fordi arten var etablert med reproduksjon i Noreg før 1800. Ifølge Artsdatabanken kan det bli aktuelt å sjå på eventuelle skadeverknader av denne framande arten seinare.

Vekstkrav

Europalerk veks best på djup, godt drenert jord. På fuktig mark blir veksten dårleg. Treslaget er lyskrevjande og utviklar seg derfor best på opne stader som enkeltståande tre, eller i skogbestand der det er god tilgang på lys.

I Noreg trivst europalerk best i lune strøk i Sør- og Vest-Noreg.

Volum og tilvekst

Fleire artar av lerk har vore planta i Noreg. Det er europalerk, japanlerk, sibirlerk og hybridlerk som har vore mest planta. Mykje av det som står nedanfor av statistikk og eigenskapar gjeld lerk i Noreg generelt, utan omsyn til art.

Ifølge Landsskogtakseringa utgjer volumet av lerketre på produktiv skogsmark 782 801 kubikkmeter. Produktiv skogsmark er mark som produserer minst 0,1 kubikkmeter trevirke kvart år, og der det kan drivast økonomisk skogbruk. Kraftgater og naturvernområde er ikkje med i dette omgrepet. Volumet av lerk på ikkje-produktiv skogsmark er berekna til 448 kubikkmeter.

Årleg tilvekst av lerk på skogsmark har Landsskogtakseringa berekna til 25 736 kubikkmeter. På ikkje-produktiv skogsmark er den årlege tilveksten 87 kubikkmeter.

Norsk institutt for skogforskning (no Norsk institutt for bioøkonomi) gjennomførte undersøkingar av ein bestand lerk basert på planting i Jelsa prestegardskog i Rogaland. Dei fann at lerketrea i ein alder av 50 år hadde eit samla volum på 35 kubikkmeter per dekar, ein årleg løpande tilvekst på 1,1 kubikkmeter per dekar, og ein middeltilvekst på 0,7 kubikkmeter per dekar.

Sjukdommar og skadar

Europalerk er lett utsett for soppsjukdommen lerkekreft. Denne sjukdommen rammar mest der det er særs fuktig luft, som i kyststrok. Svekka tre og tre som veks på ugunstig jord er også utsett, og sjukdommen rammar særleg i alderen 20–40 år. Kryssninga mellom europalerk og japanlerk er motstandsdyktig mot denne soppsjukdommen.

Grantre er som kjent svært utsett for rotròte, og denne ròten kan også ramme lerk.

Lerk blir ofte angripe av granbarlus (Sacchiphantes viridis) som har vertsskifte mellom lerk og gran. Lerkebarvepsen (Pristiphora erichsoni) er også ein skadegjerar.

Eigenskapar

Lerk har mykje kjerneved og generelt meir enn furu. Kjerneveden blir utvikla allereie når trea er i forholdsvis ung alder.
Mye kjerneved.

Veden minner i struktur og farge om furu. Kjerneveden blir utvikla mykje tidlegare enn i furu, og han utgjer ein større del av tverrflata i stammen enn i furutre. Yteveden er oftast smalare, og kjerneveden litt meir variert i fargetone. Densiteten ved 15 prosent fukt er om lag 0,61 gram per kubikkcentimeter, dette er 17 prosent meir enn for furu (0,52) og omtrent som bjørk (0,63). Lerkevirke er derfor godt eigna til ved.

Under tørking har lerkematerial lett for å sprekke.

Veden er sterk, hard, glatt og temmeleg haldbar, og lerkevirket blir rekna som like sterkt som furuvirke. Materialar av lekervirke har vorte brukt på stader der det blir utsett for noko fukt. I Sveits blir lerk brukt ein del til utvendig kledning, og dette har også vore gjort i Noreg i enkelte tilfelle.

Lerk har hos oss ein tendens til å bli langkrøkt, noko som avgrensar bruken. Rettvakse virke kan nyttast til konstruksjonsvirke, panel, takspon, båtbord og som rundlast til portstolpar.

Lerk som skogstre

Lerk som skogstre har ikkje fått nokon stor plass i norsk skogbruk. Lerketrea er svært godt synlege i barskog tidleg om hausten når nålene skiftar farge. Til liks med lauvskogen, trekker lerk klorofyllet sitt ut av nålene om hausten og lagrar dette til neste år. Lerkenålene får derfor ein gul-oransje farge som lyser opp mellom grøne gran- og furutre. Seinhaustes står lerketrea utan nåler og kan bli forveksla med tørrgran. Innan skogbruket finst historier om unge og uerfarne skogsarbeidarar som har fått i oppdrag å hogge tørrgran, men i staden har hogd ned bestand med lerk.

Systematikk

Europalerk høyrer til slekta lerk, som igjen høyrer til furufamilien.

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekkje Pinophyta nakenfrøingar, nakenfrøete planter
Klasse Pinopsida bartrær
Orden Pinales furuordenen
Familie Pinaceae furufamilien
Slekt Larix lerkeslekta
Art Larix decidua europalerk, lerk

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2026).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Larix decidua
Tidlegare vitskapleg namn
Pinus larix L., Larix europaea DC.
Artsdatabanken-ID
103802
GBIF-ID
2686212

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.