YIVO Institute for Jewish Research, jiddisk Yidisher Visnshaftlekher Institut ייִדישער װיסנשאַפֿטלעכער אינסטיטוט , ‘Jødisk/Jiddisk vitskapleg institutt’. Språkråd og forskingsinstitutt for jiddisk, oppretta på ein konferanse i Berlin i 1925 og lagt til byen Vilna ווילנאַ – då Wilno i Polen, no Vilnius i Litauen – av europeiske jødiske intellektuelle som Albert Einstein og Sigmund Freud.

Faktaboks

Også kjend som

Jiddisk YIVO ייִוואָ, forkortelse for ייִדישער װיסנשאַפֿטלעכער אינסטיטוט (yidisher visnshaftlekher institut)

YIVO hadde før den andre verdskrigen også kontor i Berlin, Warszawa og New York. Sidan 1940 har hovudkontoret vore i New York.

YIVO har eit stort arkiv og bibliotek, og gir ut både tidsskrift og ordbøker på og om jiddisk.

Ekstern lenkje

https://www.yivo.org/

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.