FiLMLOFTET

FiLMLOFTET Patron

Favorite films

  • WarGames
  • Outland
  • Alien
  • Blade Runner

Recent activity

All
  • Interiors

    ★★★★½

  • Bad Influence

    ★★★★½

  • Ghost Rider

    ★★★

  • Ghost Rider: Spirit of Vengeance

    ★★★★

Pinned reviews

More
Butcher Bob
Liked Watched

Letterboxd-premiere på Noregs mest notoriske SKREKKFILM.

BUTCHER BOB har 18års aldersgrense og kan sjåast ved å trykke på linken eg har lagt ut på Filmloftet. Ei lita åtvaring: Filmen har sterke scener. Kan sjåast via her: BUTCHER BOB på FILMLOFTET

The Vanishing
★★★★★ Liked Watched

Denne veka skal eg kun sjå filmar frå THE CRITERION CHANNEL (ja eg må få ut Netflix-gifta) og dette er første film i det eg håpar på skal bli årets beste filmveke! STEIKE KJEKT!

Spoorloos (1988) handlar om ekteparet Rex og Saskia frå Amsterdam, som reiser på ferie til Frankrike. Under eit bensinstasjonstopp à la Dombås forsvinn Saskia då ho skal kjøpe kaffi. Rex fortvilar, han finn henne ikkje. Ho er sporlaust forsvunnen.

George Sluizer laga ein remake med Jeff…

Recent reviews

More
Interiors
★★★★½ Liked Watched

Ein av Allen sine filmar som har lurt seg unna meg gong på gong; no fekk eg fanga han og endeleg sett han. Eg tykte dette var eit knalldrama om tre søstrer, mennene deira og foreldra som skal separere seg godt oppe i åra. Her er brøling og krangling, djupe diskusjonar, stille augeblink som lener seg mot Bergman, og eit heilt ekstremt bra filmfoto og interiør/setdesign – og på ei speletid på knappe 1t 30m klarar Allen å skape ei…

Bad Influence
★★★★½ Liked Rewatched

Her er ein film som passar ypperleg som double feature i lag med American Psycho (2000) – og for den saks skuld Fight Club (1999). Han handlar om Michael, spelt av James Spader, som er ein jappe og jobbar som forretningsmann på kontor. Michael er den rake motsetnaden til Patrick Bateman; han er faktisk snill! Men snille folk blir fort utnytta; ein kollega plagar han, dreg han ned og saboterer sjansane hans for å stige i gradene.

Les meir på Filmloftet:
filmloftet.no/bad-influence-1990-filmomtale/

Popular reviews

More
A Time to Kill
★★★★ Liked Watched

I 1996, på kino, var eg ikkje så frykteleg imponert over Joel Schumacher sin andre John Grisham-adaptasjon, og eg hugsar at Matthew McConaughey definitivt ikkje var min kopp te – han blei først interessant under «McConnaissansen» i Killer Joe og framover.

Men her sit eg, tretti år seinare, og blir storunderhaldt! Kva skjer? Det gjer eg med litt dårleg samvit, for å bli underhaldt av temaet i filmen – ei lita jente som blir valdteken og sørstatsrassisme – er jo…

The Pelican Brief
★★★★ Liked Rewatched

Det som slo meg under dette gjensynet, var korleis verda har endra seg. Då Julia Roberts skriv ein rapport der ho nemner supersensitiv informasjon som eit advokatfirma, eit oljeselskap og endåtil Det kvite huset gjerne ville vore utan, blir ho eit mål. Ho må fjernast, og det prøver dei på.

Så eg stussa: Ville ikkje dette føre til at søkelyset hamna på henne, slik at det antagonistane prøver å holde skjult, blir endå verre for skurkane? I dag, etter dei…