Heino voff

Labbetuss har bursdag!

Hipp hurra for bamsefar, som er så snill og rar!

Heino er altså 4 år i dag, og eg har eigentleg vanskeleg for å tru det. Både fordi det ikkje kjennest ut som det er lenge sidan eg fekk han i hus, og ikkje minst fordi han ikkje oppfører seg som ein 4 år gammal hund i det heile - han er meir som ein 1-åring!

Litt mimring må til, så her kjem litt bilete frå då Heino var ung og lovande, og bilete frå dagens feiring!


Her er kvalpane 12 dagar gammal, og Heino ligg og veltar seg i "matfatet". Han var den tjukkaste i kullet!

Collapse )
kukuxumusu isbjørn

Muffins og knekkebrød

God nytt år folkens! Då har eg vorte eitt år eldre, og no er eg klar for litt oppdatering igjen! Har ikkje hatt noko særleg tid til å oppdatere her inne sidan før jul. Ganske travelt på jobb, og i jula flata eg berre heilt ut og tenkte ikkje på noko anna enn avslapping!

Eg og Heino skulle reise heim til vestlandet den 17 desember, men pga kansellering av fly kom me oss berre til Trondheim og måtte overnatte der til neste dag. Skikkeleg surt, men me kom oss no heim igjen. Slik er det når ein bur på ein forblåst plass som Sandnessjøen. Ein kan ikkje stole på flyavgangane, for rett som det er så vert dei innstilte.

Det var kjempedeilig med juleferie! Eg har berre lagt på sofaen og gjort absolutt ingenting. Fekk såvidt sett Ole over helga før han reiste til familien på sunnmøre den 21 desember. Då reiste eg og Heino til foreldra mine. Då Ole kom att dagen før nyttårsafta, kjørte eg til Bergen att for å vere med han til eg skulle reise oppatt til nordnorge 3 januar. Men uheldigvis så vart Ole dårleg samme kveld (influensa), så heile helga gjekk med til å sjå på at han var sjuk. Ikkje så innhaldsrikt.. Så kom dagen for å reise tilbake til Sandnessjøen. Ca. 1 time før eg skulle stikke til flyplassen, spurde eg Ole på spøk om ikkje me skulle sjå om det var ledige billettar til han på samme flya eg skulle ta. Han vart merkeleg stille og tankefull, så det gjekk opp for meg at han faktisk vurderte det! Det heile enda med eit spontant billettkjøp, og han vart med meg opp til Sandnessjøen! Sjølv om han ikkje var vorte 100 % frisk. Gjett om eg var blid den kvelden :) Han er fortsatt på besøk hjå meg, men reknar med at han må reise tilbake til Bergen iløpet av neste veke. Buu..

Her kjem litt bilete frå juleferien, pluss nokre januarbilete;

 

 

Grasbana stengd....?



...sjå kor det bryr meg!


Verdas gladaste hund.



Ole laga blåbærmuffins på bursdagen min :)




Mmmm.. dei var såååå gode!


 

Eg har byrja å laga eigne knekkebrød etter juleferien! Eg har allereie laga mange gongar.. Det er kjempelett, og kjempegodt! Så no trur eg det vert lenge til eg skal kjøpe brød eller knekkebrød på butikken.

kukuxumusu isbjørn

Cone of shame

Eg og Gry var på tur med hundane idag. Heino og Bino går stort sett greitt overeins, men har ein tendens til å krangle litt innimellom. Idag var ein slik dag, og det heile enda med at Heino vart bitt i frambeinet, og huda vart punktert på den eine sida av beinet, og på den andre sida fekk han ei ca. 1,5 cm lang flenge/opent hol i skinnet. Heldigvis er jo Gry veterinær, så då me kom tilbake frå tur fekk ho undersøkt såra, og ho sydde eitt sting for å lukke flenga. Heino måtte sjølvsagt dopast ned, for han klarar jo ikkje å sitje i ro. Han styrte fælt på allereie når me berre skulle barbere vekk pelsen rundt sårkanten! Det var ei blanding av glede fordi nokon tok på han og viste han merksemd, og stress fordi han er litt redd for frambeina sine (eg har vore litt ivrig med kloklippinga eit par gongar). Ikkje så veldig bra kombo i denne situasjonen.

Han er fortsatt kjempeslapp (og faktisk veldig kosete), og han vart neddopa ca. kl 14 idag! Dvs. for 8,5 timar sidan. Han har sove kjempemykje, men dei siste par timane har han vore vaken og reagert når eg har snakka til han. Akkurat no har me vore ute og tissa litt i hagen! Så han har komme seg eindel iallefall. Eg fekk beskjed om at det kunne ta fleire timar før han er i full vigør igjen, så eg er ikkje så bekymra. Men eg syns jo synd i han likevel! I morgon skal Gry skrive ut ein resept på antibiotikatablettar slik at Heino ikkje får infeksjon, og så må eg skaffe ein sånn fin lampeskjerm som han skal ha på seg slik at han ikkje slikkar på såra og fyllar dei med basseluskar. Cone of shame!


Det største såret som måtte syast. Det er litt vanskeleg å sjå korleis det eigentleg ser ut pga. det størkna blodet.


Lite sår. Dette gror nok fort og greitt.

kukuxumusu isbjørn

Produktive Kristina

Eg har laga ein "velkommen til verda-presang" til Helena, det nye tantebarnet mitt. Eg er spent på om alt passar, for ho skal visst vere veldig lita! Eg gledar meg til å få knipe på ho i juleferien! Neidå, eg er ikkje verpesjuk i det heile...neeeeidå, absolutt ikkje! *kremt*



kukuxumusu isbjørn

løysemiddelskada

Mamma & pappa var på besøk førre veke; frå torsdag til søndag. Det var kjempekoseleg. Me gjekk turar i finvèret, og eg laga god mat til oss heile helga. Eg prøvde å introdusere dei for sushi, men det falt ikkje heilt i smak hjå mamma. Ho var litt skeptisk til konsistensen. Pappa var ikkje overbegeistra heller, men han syns det var heilt ok og klarte fint å ete seg mett. Eg skjønnar ingenting; sushi er jo såå godt!

Igår og idag har eg vore på jobb ute på forsøksstasjonen vår og teke ut prøvar frå fisk. Eg er rimeleg sliten no; det har vorte overtidsjobbing kvar einaste dag så langt denne veka. Og så måtte eg opp kl 5 både igår og idag..og eg er IKKJE noko A-menneske. Heldigvis vert det ein slapp kontordag i morgon grunna eit avlyst oppdrag. Det er veldig greitt å få vere med på prøveuttak på forsøksstasjonen, for då får eg med meg heim noko av den fisken me tek ut :) Det vart nokre kilo fersk laksefilet på meg igår, og idag fekk eg aure. Så no har eg mykje fisk i frysen!

Då eg skulle køyre heim frå forsøksstasjonen idag tok eg med meg ein 5 liters dunk med formalin i bagasjerommet som eg skulle innom på kontoret med på veg heim. For dei som ikkje veit kva formalin er, så er det ei væske som stoppar rotningsprosessen i vev - eit konserveringsmiddel om du vil. Me brukar å legge fiskeprøvar på formalin for å bevare dei. Formalin må ikkje koma i kontakt med hud og er farleg å puste inn. Uansett; då eg kom fram til kontoret oppdaga eg at 5 liters dunken var plutseleg blitt halvfull, og korken var ikkje skrudd skikkeleg på plass. Med andre ord: 2,5 liter formalin låg skvulpande i bagasjerommet mitt og hadde trekt godt inn i filtmatta som ligg baki der. Hipp hurra. Så då eg kom heim måtte eg ut i -10 kuldegrader med tørkerull for å prøve å få bort formalinbassenget som hadde danna seg nedi gropa der stepphjulet ligg. Som eg nemnte bør ein ikkje puste inn dette her, men det var jo ikkje så lett å unngå når eg sto med nasa ned i bagasjerommet. Det svei godt ja! Filtmatta klarte eg å få ut av bilen, men ikkje uten å løyse heile baksetet og tippe det på høgkant framover. Så bar det inn i dusjen for å spyle av heile greia. Eg håpar eg har fått ut all formalinen. Eg kjenner iallefall ikkje noko lukt av matta no...trur eg...men eg har på ein måte fått lukta så mykje på det idag at eg føler at lukta sitt i nasa (sjølv om det ikkje er noko spesiell sterk lukt). Så i ettermiddag følte eg at heile leilegheita mi lukta formalin, men det kan jo ikkje ha vore noko anna enn innbilning.

Eg trur eg har pusta inn nok formalin for resten av livet no, og eg håpar eg ikkje har svidd av hjernecellene mine idag. Løysemiddelskada? Let's hope not.
kukuxumusu isbjørn



Eg fann litt gamle bilete på pc'en - bilete eg hadde gløymt bort! ..så eg kjem vel til å legge ut litt av dei no framover.

Mamma & pappa kjem på besøk no på torsdag. Dei skal vere her til søndag. Det vert fint :)