Faktaboks

William Blake
Uttale

blejk

Fødd
28. november 1757, Soho, London, England
Død
12. august 1827, Charing Cross, London, England

Portrett av William Blake frå 1807.

Av .
Blekk og vassfargar frå 1804.
Av .

Song of Los er den tredje boka i ein serie av illustrerte bøker, Continental Prophecies, som Blake måla saman med kona si. Demiurgen Urizen ber foran verda han har skapt.

Hekate er ei mektig gresk gudinne som mellom anna vaktar dødsriket og kan kalle dei døde fram.
Av .

William Blake var ein britisk diktar, målar og raderar. Han var ein av dei merkelegaste skikkelsane i engelsk litteratur og kunst, uforstått av samtida si, den fyrste store romantikaren, og samtidig eit geni som unndreg seg klassifisering. Mange av dei mindre dikta hans, som The Tiger og Jerusalem, er allemannseige. Dei større verka hans er svært vanskelege og har tiltrekt mange forskarar i nyare tid.

Oppvekst

Blake levde nesten heile sitt liv i London, i små kår og ofte i fattigdom. Som barn var han innettervend og opplevde visjonar, og heile livet kjende han seg omgjeven av himmelske vesen. Alt som tiåring vart han send på teikneskule og kom fire år seinare i gravørlære.

Karriere

Saman med kona si dreiv han ei lita koparstikkforretning. Den fyrste diktsamlinga hans, Poetical Sketches (1783), var den einaste som vart trykt på vanleg måte. Seinare trykte han verka sine frå koparplater der han sjølv hadde etsa inn teksten med dekorative rammer og illustrasjonar; etterpå fullførte han det heile med vassfargar.

Songs of Innocence (1789) og Songs of Experience (1794) inneheld sterk lyrikk (norsk gjendikting ved Geir Uthaug, Uskyldens og erfaringens sanger, 1997). Men mystikaren Blake trer fyrst fram i all sin visjonære og nesten kaotiske energi i dei såkalla profetiske bøkene, The Book of Thel (1789), The Marriage of Heaven and Hell (på prosa, rundt 1791; norsk gjendikting ved H. Bramness og E. Indreeide, 1993), The Song of Los (1795), Milton (rundt 1804–1808) og andre. Her er det veldige kosmiske syn, delvis med bibelsk preg, men i sterk reaksjon både mot den konvensjonelle kristendomen og mot rasjonalismen til samtida.

Blake var i ungdomen tilhengjar av Emanuel Swedenborg og påverka av Jakob Böhme. Seinare utvikla han fritt ideane sine og sin eiga symbolverda, der stader og skikkelsar blir teikna i kraftige omriss. Han var ein revolusjonær tenkjar og diktar, som kravde rett for kvar einskild til å utfalde seg fritt.

Frå slutten av livet hans stammar meisterverket hans i raderingskunsten, illustrasjonane til Job sin bok, og ein serie illustrasjonar i blyant og akvarell til Dantes Guddomlege komedie (no i Tate Gallery i London). Han var på mange måtar førelaupar for seinare retningar: for prerafaelitane og bokkunsten hos William Morris, for fantasikunstnarar som Georg Frederick Watts og Max Klinger, og, gjennom den irregulære versforma han ofte brukte, for det seinare «vers libres».

Fleire av verka hans har i dei seinare åra utkomne i faksimileutgåve. Eit utval i norsk gjendikting ved Tor Obrestad kom ut i 1967.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Ackroyd, Peter: Blake, 1995, isbn 1-85619-278-4
  • Bentley, G.E., Jr.: The stranger from paradise: a biography of William Blake, 2001, isbn 0-300-08939-2
  • Bindman, David: Blake as an artist, 1977, isbn 0-7148-1637-x
  • Damon, S. Foster: A Blake dictionary, rev. ed., 1988, isbn 0-87451-436-3
  • Hamlyn, Robin & Michael Phillips: William Blake, 2000, isbn 1-85437-314-5
  • Rasmussen, Egil: William Blake : en psykologisk studie [...], 1969
  • The Cambridge companion to William Blake, 2003 (Cambridge companions to literature), isbn 0-521-78677-0
  • Uthaug, Geir: Den kosmiske smie, 2000 (bibliografi: 542-47)
  • Vestens tenkere, b. 2, 1993

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.