Watford er ein by og eit administrativt distrikt i Hertfordshire, England, omkring 32 km nordvest for sentrum av London. Ulikt dei fleste distrikta i England blir det leia av ein direkte vald borgarmeister.

Watford
by
Motto: Audentior
Land  England
Region Hertfordshire
Distrikt Watford
Høgd 71 m
Areal 21,43 km²
Folketal 90 301 (2011)
Postnummer WD
Retningsnummer 01923
Kart
Watford
51°39′19″N 0°23′45″W / 51.655277777778°N 0.39583333333333°W / 51.655277777778; -0.39583333333333
Wikimedia Commons: Watford

Byen ligg innanfor ringvegen til London M25, og er på fleire måtar ein del av byområdet til London. Watford undergrunnsstasjon ligg i utkanten av Londons undergrunnsnett.

Omgrepet «nord for Watford» blir ofte brukt for å skildre Storbritannia nord for London. Dette er moglegvis fordi Watford var den første staden der ein skifta hestar under reiser nordvestover frå hovudstaden. Det er enno mogleg at staden det eigenleg vert vist til er landsbyen Watford i Northamptonshire, omkring 80 km lenger nord, som var eit viktig knutepunkt mellom transportruter som gjekk aust-vest og nord-sør.

Fotballaget til byen er Watford FC. Saracens Rugby Club har flytta til Watford, og leiger banen frå fotballklubben.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Commons har multimedium som gjeld: Watford