Sikkim
Sikkim er ein indisk stat i Himalaya. Det er den minst folkerike staten i India og den nest minste i flatemål. Sikkim var ein uavhengig stat styrt av Chogyal-monarkiet fram til 1975, da ei folkeavstemning gav fleirtal for å innlemme Sikkim i India som den 22. staten. Sikkim, som er ein rein innlandsstat, grensar til Nepal i vest, Tibet i nord og aust og Bhutan i søraust. I sør ligg den indiske staten Vest-Bengal. Det offisielle språket i Sikkim er nepali og dei mest utbreidde religionane er hinduisme og vajrayana-buddhisme. Gangtok er hovudstaden og den største byen.
| Sikkim | |||
| delstat | |||
|
|||
| Forkorting: IN-SK | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Gangtok | ||
| Areal | 7 096 km² | ||
| Folketal | 657 876 (2011)[1] | ||
| Grunnlagd | 16. mai 1975 | ||
| Språk | nepali | ||
Sikkim 27°33′N 88°30′E / 27.55°N 88.5°E | |||
| Wikimedia Commons: Sikkim | |||
Sikkim ligg ved foten av Himalaya-fjella, og den vesle staten har derfor mykje variasjon i landskapsformer og klimasonar – frå tropeklima i sør til tundra i nord. Verdas tredje høgste fjell, Kantjendjunga, ligg i Sikkim nær grensa til Nepal. På grunn av ryet for urørt fjellnatur og politisk stabilitet er Sikkim ein av dei mest vitja statane i India.

