Fidesz
Fidesz – Ungarsk borgarunionen (ungarsk Fidesz – Magyar Polgári Szövetség) er eit nasjonalkonservativt og kristelegdemokratisk parti i Ungarn. Partileiaren Viktor Orbán er sidan 2010 statsminister i Ungarn.
| Fidesz | |||
| | |||
| Land | Ungarn | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | László Kövér | ||
| Grunnleggjarar | László Kövér | ||
| Grunnlagt | 30. mars 1988 | ||
| Hovudkvarter | Budapest | ||
| Medlemstal | 40 320 (2011)[1] | ||
| Ideologi | nasjonalkonservatisme, høgrepopulisme, økonomisk nasjonalisme, liberalisme, etatisme, sosialkonservatisme, Traditionalist School, euroskeptisisme, proteksjonisme | ||
| Politisk posisjon | høgresida | ||
Soge
endrePartiet blei skipa den 30. mars 1988 som eit anti-kommunistisk parti med mål om å tettare integrera Ungarn med resten av Europa, særleg innan økonomi.[2]
Fidesz var frå byrjinga eit liberalt ungdomsparti, tilslutta den liberale internasjonalen. Frå 1994 la partiet seg på ei meir konservativ linje. Fidesz var i ein periode medlem av det europeiske folkepartiet (EPP).[3]
Fidesz var med i ein regjeringskoalisjon frå 1998 til 2002.[4] Partiet tapte valet i 2002 og 2006, men oppnådde heile 52,3 prosent av røystene ved valet i 2010 og heile 263 mandat (av 386) i parlamentet (Országgyűlés). Fidesz hadde dermed to tredjedels majoritet i parlamentet og kan såleis på eiga hand endre konstitusjonen for landet.
Kjelder
endre- ↑ https://web.archive.org/web/20160304171558/http://metropol.hu/cikk/729027.
- ↑ «Fidesz» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 22. november 2023.
- ↑ «Hungary's ruling party quits European People's Party» (på engelsk). Deutsche Welle. Henta 22. november 2023.
- ↑ Gyldendals leksikonredaktion: Fidesz i Den Store Danske på lex.dk. Henta 22. november 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Fidesz - Ungerska medborgarunionen» frå Wikipedia på svensk, den 15. januar 2015.