Fuge er ein bokstav som blir lagt til mellom dei to delane av eit samansett ord. To eksempel er s-en i medlems-land og e-en i mjølke-kartong. Desse to blir ofte kalla fuge-s og fuge-e.

Faktaboks

Også kjend som

komposisjonsfuge

Her er fleire eksempel, der kvart samansetningsledd (forledd og etterledd) står i klammer, og fuga står etter ein bindestrek:

  • s-en i [gud-s]-[teneste]
  • e-en i [prest-e]-[gard]
  • a-en i [møkk-a]-[vêr]

Fuga har namn etter ordet fuge i tydinga 'mellomrom eller skøyt mellom to konstruksjonsstykke (av stein, tre og liknande) som er felte saman'. Strengt teke er namnet misvisande, sidan fuga ikkje står mellom ledda, men er eit suffiks på det første leddet.

Mange samansette ord har ikkje fuge, som [bil][ferje], [gull]-[ring] og [små]-[prat].

Historikk

Fuger i norsk kjem som regel historisk av eldre suffiks som viste genitiv. På norrønt stod forleddet i ei samansetning i stammeform eller i genitiv eintal eller fleirtal:

  • [guð-s]–[þjónasta] 'gudsteneste'; guðs er genitiv eintal av guð 'gud'
  • [prest-a]–[garðr] 'prestegard'; presta er genitiv fleirtal av prestr 'prest'
  • [prest]–[kona] 'prestekone'; prest er stamma til prestr 'prest'

nynorsk kan samansetningar med blomster- som forledd analyserast som samansetningar utan komposisjonsfuge:

  • [blomster]–[bed]

På bokmål finst ikkje substantivet blomster, berre blomst. Både nynorsk blomster og bokmål blomst kjem av norrønt blómstr 'blomster, blome', og bokmål blomst har oppstått ved at -er har blitt omtolka som ei fleirtalsending. (Strengt teke har dette skjedd i dansk, som ei omtolking av eldre dansk Blomster (eintal), som var i bruk på Holbergs tid.) På bokmål kan derfor blomsterbed gjerne analyserast slik at -er i forleddet har fått status som komposisjonsfuge, av same type som -er i litt forelda former som studentersamfunn:

  • [blomst-er]–[bed]
  • [student-er]–[samfunn]

Fuger i andre språk

Tysk

tysk står forleddet i ei samansetning ofte i genitiv, og genitivsuffikset fungerer som fuge:

  • Gott 'gud' + Dienst 'teneste' ⇨ [Gott-es]–[dienst] 'gudsteneste'
  • Student 'student' + Heim 'heim' ⇨ [Student-en]–[heim] 'studentheim'

Gresk

På klassisk gresk står som regel forleddet i stammeform:

  • sarx 'kjøt' (stammeform sarko-) + phágos 'etar' ⇨ [sarko]–[phágos] 'kjøtetar'

Mange substantiv har ei eiga stammeform på -o når dei står som forledd, og denne o-en blir ofte kalt fuge. Substantivet psukhḗ (ψυχή) 'sjel, ånd' har stamma psukhē- (ψυχη-) når det blir bøygt i kasus og tal, mens det har stamma psukho- (ψυχο-) som forledd i samansetning, jamfør psukho-manteía (ψυχο-μαντεία) 'åndemaning'. Greske lånord i norsk med dette forleddet er mellom anna psyko-logi, psyko-somatisk og psyko-analyse.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.