Zjerm
| «Zjerm» Song av Shkodra Elektronike | ||
| Land | Albania | |
| Språk | Albansk | |
| Utgjeve | 10. desember 2024 | |
| Sjanger | Electro-folk, folk-pop | |
| Lengd | 03:04 | |
| Selskap | NUDA | |
| Låtskrivar(ar) | Beatriçe Gjergji, Kolë Laca, Lekë Gjeloshi | |
|---|---|---|
«Zjerm»[a] (norsk omsetjing: eld) er ein song framført av den albanske duoen Shkodra Elektronike. Songen er skriven av Beatriçe Gjergji, Kolë Laca og Lekë Gjeloshi, med produksjon av Laca. Songen var det albanske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
Bakgrunn og komposisjon
endre«Zjerm» er skriven av Beatriçe Gjergji og Lekë Gjeloshi, komponert av Beatriçe Gjergji og produsert av Kolë Laca.[1] Gjergji skildra songen som eit «personleg verk med tekster som utforskar menneskeleg medkjensle», og kalla han også for «ein albansk song med ein moderne vri».[2]
Det sentrale motivet i songen er eld, zjerm, som symboliserer styrke, rensing og fornying. Han blir skildra som noko som fell over stammedansar, som ei bru mellom tradisjon og forandring.[3]
Songen uttrykkjer ei blanding av smerte, motstandskraft og håp, med biletbruk som understrekar viktigheita av indre fred og lengsle etter ei verd fri for vald, liding og miljø-øydelegging. Han oppfordrar til andeleg og sosial lækjedom og til anerkjenning av verdigheita til alle menneske – også dei som er gløymde eller marginaliserte.
Eurovision Song Contest 2025
endreFestivali i Këngës 63
endreDen 7. oktober 2024 blei «Zjerm» kunngjord som bidrag i Festivali i Këngës 63.[4] Songen konkurrerte i den første semifinalen den 19. desember, og kvalifiserte seg til finalen. I finalen 22. desember vann songen både jury- og telefonavrøystinga, og fekk dimed retten til å vere det albanske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.[5][6]
I Eurovision Song Contest
endreUnder trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Albania trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet.[7] Albania kvalifiserte seg til finalen – etter å ha enda på andreplass i semifinalen. I finalen enda songen på åttandeplass med 218 poeng.[8][9]
Listeplasseringar
endre| Liste (2025) | Høgaste plassering |
|---|---|
| Hellas Internasjonal (IFPI)[10] | 8 |
| Litauen (AGATA)[11] | 29 |
| Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[12] | 13 |
| Sveits (Schweizer Hitparade)[13] | 78 |
Merknadar
endreKjelder
endre- ↑ Farren, Neil (30. september 2024). «Albania: Eurovision 2025 Participation Confirmed». Eurovoix. Henta 23. desember 2024.
- ↑ Festivali i Këngës në RTSH ndez motorët, grupi “Shkodra Elektronike”: “Është një himn, lirikë mbi…” [Festivali i Këngës at RTSH fires up the engine, the group "Shkodra Elektronike": "It's an anthem, lyrics about..."] (Video) (på albansk). Radio Televizioni Shqiptar. 15. november 2024. Henta 23. desember 2024 – via YouTube.
- ↑ Ilay Gaist. «Albania: Shkodra Elektronike to Perform “Zjerm” in Full Albanian Language at Eurovision!». Euromix. Henta 9. januar 2025..
- ↑ Conte, Davide (7. oktober 2024). «🇦🇱 Albania: Festivali i Këngës 63 Artists Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. oktober 2024.
- ↑ Ljuština, Stevan (23. desember 2024). «Evrovizija 2025 | Shkodra Elektronike putuje u Bazel» [Eurovision 2025 | Shkodra Electronics to travel to Basel]. Evrovizija.rs (på serbisk). Henta 23. desember 2024.
- ↑ «Shkodra Elektronike win 'Festivali i Këngës' and will represent Albania at Eurovision». eurovision.tv. European Broadcasting Union. 24. desember 2024. Henta 25. desember 2024.
- ↑ «Eurovision 2025: Semi-Final Draw Results». Eurovision.tv (Press release). European Broadcasting Union. 28. januar 2025. Arkivert frå originalen 28. januar 2025. Henta 29. januar 2025.
- ↑ «First Semi-Final of Basel 2025 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 28. januar 2025. Henta 21. mai 2025.
- ↑ «Grand Final of Basel 2025 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 28. januar 2025. Henta 21. mai 2025.
- ↑ «Official IFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 21/2025» (på gresk). IFPI Greece. Arkivert frå originalen 28. mai 2025. Henta 28. mai 2025.
- ↑ «2025 21-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 23 May 2025. Henta 23. mai 2025.
- ↑ «Veckolista Heatseeker, vecka 21, 2025». Sverigetopplistan. Henta 23. mai 2025.
- ↑ "Shkodra Elektronike – Zjerm – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- Denne artikkelen bygger på «Zjerm» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2025.