Walt Disney Concert Hall

Walt Disney Concert Hall er eit konserthus i sentrum av Los Angeles i California. Bygningen har 2 265 plassar, og husar Los Angeles Philharmonic Orchestra Angeles Master Chorale.

Walt Disney Concert Hall

StadLos Angeles
ArkitektFrank Gehry
Opna24. oktober 2003
Stildekonstruktivisme, ekspresjonistisk arkitektur
Kart
Walt Disney Concert Hall
34°03′19″N 118°15′00″W / 34.055277777778°N 118.25°W / 34.055277777778; -118.25
Walt Disney Concert Hall med omgjevnader.

Bygningen vart teikna av Frank Gehry. Byggeprosjektet vart sett i gang i 1987, etter ein donasjon på femti millionar dollar frå Lillian Disney, enka etter Walt Disney. Byggeprosessen var prega av stadige budsjettsprekkar og tidsoverskridingar, og då bygget vart innvigd i oktober 2003 var den totale kostnaden kome opp i 274 millionar dollar.

Kjelder

endre