Vit
elv i Bulgaria
Vit eller Vid (bulgarsk: Вит) er ei elv sentralt i nordlege delar av Bulgaria med ei lengd på 189 km. Ho har sitt utspring i Balkanfjella ved foten av Vezjen i ei høgd på 2 030 meter, og munnar ut i Donau nær Somovit. Elva har eit nedslagsfelt på 3 220 km², og dei største sideelvane hennar er Kamenska reka, Kalnik og Tuchenitsa.
| Vit | |||
| elv | |||
Vit nær Toros under ein flaum i 2005 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 3 220 km² | ||
| Lengd | 189 km | ||
| Kjelde | Ved Vezjen i Balkanfjella | ||
| • høgd | 2 030 moh. | ||
| Munning | Donau | ||
Vit 42°56′12″N 24°12′23″E / 42.936632°N 24.206375°E | |||
| Wikimedia Commons: Vit | |||
Av landsbyar langs elva finn ein Teteven, Pleven, Dolni Dabnik, Dolna Mitropolija og Guljantsi.