Vinter-OL 1994 vart arrangert på Lillehammer. Dette var andre gong OL vart arrangert i Noreg og var dei 17. olympiske vinterleikane i rekkja. Delar av leikane vart haldne på Hamar (der Vikingskipet og Hamar OL-Amfi vart bygt for nettopp dette) og på Gjøvik (Gjøvik Olympiske Fjellhall).

Vinter-OL 1994
VertsbyLillehammer i Noreg
Nasjonar67
Idrettsgreiner12
Opna12. februar 1994, av Kong Harald
Avslutta27. februar 1994
Utøvarar
Menn1 215
Kvinner522
Totalt1 737
Dei olympiske leikane

Andre byar som hadde ønskt å arrangera meisterskapen, var Anchorage i USA,Östersund og Åre i Sverige og Sofia i Bulgaria.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørn Dæhlie, som deltok i langrenn.

Nyvinningar

endre

Ettersom IOK hadde vedteke at sommar- og vinter-OL frå no av skulle haldast med to år imellom, blei OL på Lillehammer arrangert berre to år etter OL i Albertville i 1992. Dette er einaste gongen same typen OL er blitt halde med så kort mellomrom.

Dette OL-arrangementet var det første i historia som der resultata vart formidla direkte via Internett, av det norske selskapet Oslonett.

Idrettsgreiner

endre

Resultat

endre

Beste nasjon vart Russland med 11 gullmedaljar. Noreg ende opp med 10 gull-, 11 sølv- og 5 bronsemedaljar.

Dei norske gullmedaljane kom ved:

Medaljestatistikk

endre
Dei beste nasjonane
Nr.NasjonGSBTotalt
1 Russland118423
2Noreg Noreg1011526
3Tyskland Tyskland97824
4Italia Italia75820
5USA USA65213
6Sør-Korea Sør-Korea4116
7 Canada36413
8Sveits Sveits3429
9 Austerrike2349
10Sverige Sverige2103

Bakgrunnsstoff

endre