Vevey
Vevey er ein by i Sveits i kanton Vaud, på nordsida av Genfersjøen, nær Lausanne. Han var setet for distriktet Vevey fram til 2006, men er i dag ein del av distriktet Riviera-Pays-d'Enhaut. Kommunen har 18 394 innbyggjarar (2010) og eit areal på 2,4 km². Kommunesenteret ligg 383 meter over havet.
| Vevey | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | Vaud | ||
| Distrikt | Riviera-Pays-d'Enhaut | ||
| Språk | fransk | ||
| Borgarmeister | Laurent Ballif | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
2,39 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
18 394 7 696,2 /km² | ||
| Koordinatar | 46°28′0″N 6°51′0″E / 46.46667°N 6.85000°E | ||
| Høgd over havet | 383 moh. | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 1800 | ||
| Nettstad: www.vevey.ch | |||
Byen er ein viktig turist- og kurstad og har fleire årlege kunst- og kulturfestivalar, særleg innan musikk.

Hovudkvarteret til matvaregiganten Nestlé, grunnlagd i 1867, ligg i Vevey. Mjølkesjokoladen vart oppfunnen i Vevey av Daniel Peter i 1875.
Jean-Jacques Rousseau la handlinga i La Nouvelle Héloïse til området rundt Vevey. Charlie Chaplin heldt seg i Vevey dei siste leveåra sine, og ved strandpromenaden står ein Chaplin-statue.
Byen er første gongen nemnd av oldtidas greske astronom og filosof Klaudios Ptolemaios, som kalla han for Ouikos. Seinare var byen kjend under namn som Viviscus og Vibiscum.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vevey» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2012.