Spinell
Spinell er eit kubisk mineral, eit magnesiumaluminiumoksid, MgAl2O4. Det kan innehalde noko krom (picotitt) eller jarn (pleonast eller ceylonitt).
| Spinell | |||
| Spinell | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Oksydmineral Spinellgruppa | ||
| Kjemisk formel | MgAl2O4 | ||
| Strunz-klassifisering | 04.BB.05 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | Forskjellig; raud og rosa til blå til lilla, mørkegrøn, brun, svart | ||
| Krystallform | Kubisk, åttesidig | ||
| Krystallsystem | Isometrisk | ||
| Kløyv | Utydeleg | ||
| Brot | Muslig, ujamn | ||
| Mohs hardleiksskala | 7.5–8.0 | ||
| Glans | glasaktig | ||
| Strekfarge | Kvit | ||
| Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
| Spesifikk vekt | 3.6–4.1 | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
| Brytingsindeks | 1.719 | ||
| Pleokroisme | Fråverande | ||
| Oppløyselegheit | ingen | ||
| Andre eigenskapar | Ikkje-magnetisk, ikkje-radioaktiv, stundom fluorescerande (raud) | ||
| Kjelder | [1] | ||
Klåre, farga varietetar blir brukt som edelstein, særleg den raude spinellrubinen frå Myanmar og Sri Lanka. Elles kan mineralet vere fargelaust, grønt eller blått. Vanleg spinell finst i metamorfe bergartar, særleg i marmor og i alluviale førekomstar.
Spinellar vert òg laga syntetsisk i fleire fargar og er ein populær smykkestein.
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (19. juni 2012). Spinell: mineral. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spinell%2Fmineraler.
- Raade, Gunnar. (15. februar 2009). Spinell: syntetisk. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spinell%2Fsyntetisk.