Sinplus
Sinplus er ein sveitsisk duo. Duoen består av brørne Ivan og Gabriel Broggini.
| Sinplus | |||
| | |||
| Opphav | Losone i Sveits | ||
|---|---|---|---|
| Aktiv | 2011– | ||
| Sjanger | Pop og rock | ||
| Medlemmer | Ivan Broggini Gabriel Broggini | ||
| Prisar | MTV Europe Music Award for Best Swiss Act | ||
Die grosse Entscheidungsshow
endre3. november 2011 deltok dei i uttakinga til den franskspråklege kringkastaren Radio télévision suisse (RTS) med songen «Unbreakable», men gjekk ikkje vidare til finalen i Die grosse Entscheidungsshow. Fem dagar seinare, 8. november, deltok dei i uttakinga til den italienskspråklege kringkastaren Radiotelevisione svizzera di lingua italiana (RSI) og gjekk vidare til finalen. I finalen, som fann stad 10. desember 2011, tevla dei mot mellom anna den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia. Sinplus vann tevlinga med 17,87 % av røystene og fekk representere Sveits i Eurovision Song Contest 2012.
Eurovision Song Contest
endreSinplus starta som éin av dei ni fyrste i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2012, men gjekk ikkje vidare til finalen.
Diskografi
endreAlbum
endre- 2012: Disinformation
Singlar
endre- 2011: Unbreakable
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sinplus» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2011.