Sideritt
Jernspat eller sideritt er eit gulgrått til brunt mineral som består av jernkarbonat FeCO3. Det krystalliserer trigonalt og tilhøyrer kalsittgruppa. Det forvitrar lett til limonitt. Sideritt inneheld teoretisk 48 % jarn, men då det dannar blandkrystallar med dei tilsvarande magnesium- og mangankarbonat (isomorfi), vil jerngehalten i røynda vere mindre på grunn av substitusjon av desse metalla. Einskilde stader er sideritt ein viktig jernmalm, t.d. i England og Austerrike. Han opptrer i sedimentære bergartar, gjerne saman med skifer og kolfløtsar. Ureine siderittmalmar er leirjernstein og koljernstein. Mineralet finst òg på hydrotermale ertsgangar, ofte i vene krystall.
| Sideritt | |||
| Sideritt frå Brasil | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Karbonatmineral | ||
| Kjemisk formel | FeCO3 | ||
| Strunz-klassifisering | 05.AB.05 | ||
| Dana-klassifisering | 14.01.01.03 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | bleik gul til gyldenbrun, grå, brun, grøn, raud, svart og stundom nesten fargelaus | ||
| Krystallform | Søyleforma krystallar, ofte kurva - botryoidal til massiv | ||
| Krystallsystem | Trigonal - Heksagonal ulikesida (3 2/m) | ||
| Tvilling | Lamellar er uvanleg på {0112} | ||
| Kløyv | perfekt på {0111} | ||
| Brot | Ujamn til muslig | ||
| Fastleik | Sprø | ||
| Mohs hardleiksskala | 3.75 - 4.25 | ||
| Glans | glasaktig, kan vere silkeaktig til perleaktig | ||
| Strekfarge | Kvit | ||
| Transparens | Gjennomskinneleg til subgjennomskineleg | ||
| Spesifikk vekt | 3.96 | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
| Brytingsindeks | nω = 1.875 nε = 1.633 | ||
| Dobbeltbryting | δ = 0.242 | ||
| Dispersjon (spreiing) | Kraftig | ||
| Kjelder | [1][2][3] | ||
I Noreg er mineralet funne i Brevik–Bambletrakten.
Kjelder
endre- Sideritt: jernspat. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sideritt%2Fjernspat.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/siderite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ http://www.mindat.org/min-3647.html Mindat
- ↑ http://www.webmineral.com/data/Siderite.shtml Webmineral data