Sentriol
I cellebiologi er ein sentriol ein sylindrisk cellulær organell som hovudsakleg består av proteinet tubulin.[1] Det finst sentriolar i dei fleste eukaryote celler, men dei finst ikkje hjå bartre (Pinophyta), dekkfrøplantar (angiosperma) og dei fleste soppar, og finst berre i mannlege kjønnsceller hjå kransalgar, mose, karplantar utan frø, konglepalmar og ginkgo-slekta.[2][3]

Eit bunde par av sentriolar som er omgjeve av ein formlaus masse tett materiale kalla pericentriolært materiale (PCM),[4] utgjer ein struktur kalla eit sentrosom.[1]
Sentriolar består vanlegvis av ni sett med korte mikrotubule triplettar, arrangert i ein sylinder. Avvik frå denne strukturen finn ein hjå krabbar og Drosophila melanogaster-embryo, med ni dublettar, og Caenorhabditis elegans-spermceller og tidlege embryo, med ni singlettar.[5][6] Andre protein er mellom anna centrin, cenexin og tektin.[7]
Hovudfunksjonen til sentriolar er å produsera flimmerhår under interfase og aster og spindelen under celledeling. Dei har ei rolle i å organisera spindelapparatet og i avsluttinga av cytokinese.[8]
Kjelder
endre- 1 2 Eddé, B; Rossier, J; Le Caer, JP; Desbruyères, E; Gros, F; Denoulet, P (1990). «Posttranslational glutamylation of alpha-tubulin». Science 247 (4938): 83–5. Bibcode:1990Sci...247...83E. PMID 1967194. doi:10.1126/science.1967194.
- ↑ Quarmby, LM; Parker, JD (2005). «Cilia and the cell cycle?». The Journal of Cell Biology 169 (5): 707–10. PMC 2171619. PMID 15928206. doi:10.1083/jcb.200503053.
- ↑ Silflow, CD; Lefebvre, PA (2001). «Assembly and motility of eukaryotic cilia and flagella. Lessons from Chlamydomonas reinhardtii». Plant Physiology 127 (4): 1500–1507. PMC 1540183. PMID 11743094. doi:10.1104/pp.010807.
- ↑ Lawo, Steffen; Hasegan, Monica; Gupta, Gagan D.; Pelletier, Laurence (November 2012). «Subdiffraction imaging of centrosomes reveals higher-order organizational features of pericentriolar material». Nature Cell Biology 14 (11): 1148–1158. ISSN 1476-4679. PMID 23086237. doi:10.1038/ncb2591.
- ↑ Delattre, M; Gönczy, P (2004). «The arithmetic of centrosome biogenesis» (PDF). Journal of Cell Science 117 (Pt 9): 1619–30. PMID 15075224. doi:10.1242/jcs.01128. Arkivert frå originalen (PDF) 18. august 2017.
- ↑ Leidel, S.; Delattre, M.; Cerutti, L.; Baumer, K.; Gönczy, P (2005). «SAS-6 defines a protein family required for centrosome duplication in C. elegans and in human cells». Nature Cell Biology 7 (2): 115–25. PMID 15665853. doi:10.1038/ncb1220.
- ↑ Rieder, C. L.; Faruki, S.; Khodjakov, A. (Oct 2001). «The centrosome in vertebrates: more than a microtubule-organizing center». Trends in Cell Biology 11 (10): 413–419. ISSN 0962-8924. PMID 11567874. doi:10.1016/S0962-8924(01)02085-2.
- ↑ Salisbury, JL; Suino, KM; Busby, R; Springett, M (2002). «Centrin-2 is required for centriole duplication in mammalian cells». Current Biology 12 (15): 1287–92. Bibcode:2002CBio...12.1287S. PMID 12176356. doi:10.1016/S0960-9822(02)01019-9.
- Denne artikkelen bygger på «Sentriol» frå Wikipedia på bokmål og « Centriole» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2026.