See-Gaster
See-Gaster er ein valkrins i kantonen St. Gallen i Sveits. Valkrinsen vart danna då den nye kantonsskipnaden av 10. juni 2001 trådde i kraft frå 2003. I valkrinsen på 246 km² budde 62 499 menneske i 2010.
| See-Gaster Wahlkreis See-Gaster | |||
| valkrins | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Kanton | kantonen St. Gallen | ||
| Areal | 246,16 km² | ||
| Folketal | 62 499 (desember 2010) | ||
| Kommunar | 14 | ||
See-Gaster 47°13′36″N 8°49′06″E / 47.226667°N 8.818333°E | |||
| Wikimedia Commons: See-Gaster (Wahlkreis) | |||
See-Gaster omfattar 14 kommunar. Rapperswil-Jona er den mest folkerike kommunen i valkrinsen. Dei andre kommunane er Amden, Benken, Ernetschwil, Eschenbach, Goldingen, Gommiswald, Kaltbrunn, Rieden, St. Gallenkappel, Schänis, Schmerikon, Uznach og Weesen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «See-Gaster (Wahlkreis)» frå Wikipedia på tysk, den 4. februar 2012.
