Restinga
Restinga (portugisisk uttale [ʁesˈtʃĩɡɐ]) er ein distinkt type kystnær tropisk og subtropisk fuktig lauvskog i Aust-Brasil.[1] Vegetasjonen blir danna på sandhaldig, sur og næringsfattig jord, og er prega av mellomstore tre og buskar tilpassa dei tørrare og næringsfattige tilhøva.[1] Eit iaugefallande døme er Restinga da Marambaia, som er eigd og blir halde ved like av den brasilianske hæren.
| Restinga | |||
| kystøkosystem | |||
Itaguaré-stranda i Bertioga Restingas delstatspark | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Wikimedia Commons: Restingas | |||
Omgrepet kan vise både til terrenget og vegetasjonen, som ofte har artar frå ulike økoregionar, men med ein særskild, kystnær flora. Restinga førekjem ikkje samanhengande, men strekkjer seg i punkt langs den brasilianske kysten frå Amapá til Rio Grande do Sul. Viktige område finst i mellom anna Rio de Janeiro, Bahia og Pará der dei dekker kvartære kystsletter med ulike planteformer. Restinga finst òg langs Amazonaselva. Områda er økologisk viktige og krev meir forsking for å forstå artssamansetnaden og det geografiske mønsteret.
- Restinga da Marambaia, ein sandbanke i delstaten Rio de Janeiro
- Restinga på Jureia-stranda, i Iguape, delstaten São Paulo
- Caraís-lagunen i Parque Estadual Paulo César Vinha, Espírito Santo som har restingaskog
Kjelder
endre- Artikkelen er basert på ei omsetting av «Restinga» frå Wikipedia på engelsk og «Restinga» frå Wikipedia på portugisisk, den 26. mai 2025
- 1 2 «22 anos na rede. Página dedicada à vegetação e à flora das planícies costeiras do Brasil» (på portugisisk). Henta 26. mai 2025.