Psychonauts
Psychonauts er eit plattformspel skapt av Tim Schafer, utvikla av Double Fine Productions og utgjeve av Majesco for PlayStation 2, Microsoft Windows og Xbox. Det vart utgjeve i Nord-Amerika på Xbox og Windows i april 2005, og på PlayStation 2 juni same året. I Europa kom spelet på alle dei tre plattformene den 10. februar 2006. Det er også tilgjengeleg som digital nedlasting på Steam og som ein «Xbox Original» gjennom Xbox Live Marketplace.
| Psychonauts | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | Double Fine Productions | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Majesco | ||
| Distributør | Steam, GOG.com, Humble Store, PlayStation Store, Discord Store, Microsoft Store | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Tim Schafer | ||
| Design(ar) | Tim Schafer | ||
| Forfattar | Erik Wolpaw | ||
| Komponist(ar) | Peter McConnell | ||
| Serie | Psychonauts | ||
| Plattform(er) | Xbox, Microsoft Windows, PlayStation 2, Linux, Xbox 360, macOS, PlayStation 4, PlayStation 3 | ||
| Utgjeving | Xbox NA: 19. april 2005 EU: 10. februar 2006 Microsoft Windows NA: 26. april 2005 EU: 10. februar 2006 PlayStation 2 NA: 21. juni 2005 EU: 10. februar 2006 Digital nedlasting 11. oktober 2006 (Steam) 4. desember 2007(Xbox Originals) | ||
| Sjanger | Eventyr, plattform | ||
| Spelemodus | Einspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI: 12+ ESRB: T USK: 12+ | ||
| Versjon | 1.04 (21. september 2005) | ||
| Medium | CD, DVD, Steam-nedlasting | ||
| Stødde einingar | Handkontroll, tastatur, mus | ||
| Nettstad | http://www.psychonauts.com/ | ||
| Del av serien Psychonauts⠀ | |||
| Psychonauts in the Rhombus of Ruin→ | |||
Spelet handlar om ungguten Razputin (ofte korta «Raz») med psykiske tamar som rømmer frå eit sirkus for å snika seg inn i ein sommarleir for folk like psykiske eigenskapar. Her håpar han på å kunne bli ein «Psychonaut». Etter kvart finn han ut at nokon legg skumle planar i leiren som berre han kan hindra. Som ein Psychonaut-lærling må han koma seg inn i tankane til forskjellige karakterar i spelet for å hjelpa desse i å koma over redslene eller minna frå fortida si, slik at han kan få hjelp frå dei og koma vidare i spelet. Undervegs lærer Raz nye psykiske triks som kan bli brukte både for å åta fiendar og løysa gåter.
Psychonauts fekk generelt svært god kritikk, men selde ikkje so mange kopiar og utgjevar Majesco opplevde økonomiske vanskar mellom anna grunna dette spelet.