Pepsi
Pepsi (òg kalla Pepsi-Cola) er ein amerikansk kolsyrehaldig leskedrikk produsert av PepsiCo. Drikken er hovudkonkurrenten til leskedrikken Coca-Cola.

Pepsi vart funne opp på 1890-talet av farmasøyten Caleb Bradham. Drikken vart opphavleg laga for å kurere meltingsplager, og Bradham tok namnet Pepsi frå det medisinske namnet dyspepsi.
Ulike sortar
endreDenne lista er ikkje fullstendig.
| Namn | Skildring | |
|---|---|---|
| Pepsi | Standardutgåve, cola | |
| Pepsi Light* | Utan sukker | |
| Pepsi Max | Utan sukker, men med meir koffein | |
| Pepsi Max Cappuccino | Smak av cappuccino | |
| Pepsi Max Cool Lemon | Smak av sitron | |
| Pepsi Max Gold | Smak av ingefær | |
| Pepsi Boom* | Utan koffein og sukker | |
| Pepsi Twist (regular & diet)* | Mild sitronsmak | |
| Pepsi Wild Cherry (regular & diet)* | Smak av kirsebær | |
| Pepsi Vanilla (regular & diet)* | Smak av vanilje | |
| *Ikkje tilgjengeleg i Noreg | ||