Novi Pazar (kyrillisk Нови Пазар, tyrkisk Yeni Pazar) er ein by og ein kommune i distriktet Raška i Serbia i den geografiske regionen Sandžak. Byen har noko over 70 000 innbyggjarar, medan kommunen har vel 105 000 innbyggjarar.

Novi Pazar
Нови Пазар
Sentrum i Novi Pazar
Sentrum i Novi Pazar
Sentrum i Novi Pazar
Byvåpenet til Novi Pazar
Byvåpen
Region
Distrikt
Šumadija og vestlege Serbia
Raška
Flatevidd 15,34 km²
Flatevidd
  By

742 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2022)
  Byområde

106720
71462
Tidssone UTC+01:00 (UTC)
Postnummer 36300
Bilnummer NP
Nettstad: www.novipazar.org.rs
Plassering av  Novi Pazar
Plassering av Novi Pazar

Namnet tyder «ny basar» på det lokale språket. Namnet kjem frå det tyrkiske ordet «pazar» og det serbiske/bosniske ordet «novi» som tyder «ny».

Historie

endre

Byen kom til liv som ein handelsenklave nær byen Ras, som var hovudstad i kongedømet Serbia i mellomalderen. Ras var ikkje ein ideell stad som stoppestad for handelsmennene som reiste langs handelsvegane på Balkan, og ein ny handelsstad vart grunnlagd nokre få kilometer frå hovudstaden (og derfor namnet på byen).

Novi Pazar fekk formelt byrettar i 1459-1461 av Isa-beg Ishaković, som òg var grunnleggjaren av Sarajevo. Dei første skriftlege kjeldene nemner Novi Pazar på 1400-talet då Rådet i Republikken Ragusa sendte ein konsul til byen. Dette vitnar om at byen då alt truleg var utvikla med vegar til Dubrovnik, Niš, Sofia, Konstantinopel, Salonica (Thessaloníki), Sarajevo, Beograd og Budapest. Mange forfattarar skreiv om Novi Pazar og Evliya Celebi noterte at han var ein av dei største byane på Balkan på 1600-talet.

Byen var sete for Novibazar Sanjak under Det osmanske riket frå 1400-talet til 1900-talet.

Novi Pazar Sanjak vart okkupert og administrert av Austerrike-Ungarn frå 1878 til 1908. I 1908 kom området tilbake til Det osmanske riket, fram til 1912 då Serbia tok over under den første balkankrigen. Etter den første verdskrigen vart Novi Pazar mindre viktig.

Befolkningsutvikling

endre
Historiske folketal
ÅrFolketal[2]
194844 020
195350 189
196158 776
197164 326
198174 000
199185 249
200285 996
2011100 410
2022106 720

Busetnader

endre

Dei største busetnadane i kommunen er:[2]

Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Novi Pazar54 60466 52771 462
Mur3 4074 1694 818
Postenje3 4713 9304 232
Pobrđe2 1762 8893 602
Izbice1 5661 5961 886

Kjelder

endre

Referansar

endre