Munster
- Denne artikkelen handlar om provinsen i Irland. For byen i Tyskland, sjå Münster.
Munster (irsk Cúige Mumhan, An Mhumhain eller Mumha) er ein av dei fire provinsane på Irland. Han er den sørlegaste av dei fire og ligg i Republikken Irland. Han består av grevskapa Clare, Cork, Kerry, Limerick, Tipperary og Waterford. Namnet kjem frå den keltiske gudinna Muma.
| Munster | |||
| Cúige Mumhan An Mhumhain | |||
| provins | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 24 607,52 km² | ||
| Folketal | 1 246 088 (2011) | ||
Munster 52°15′N 9°00′W / 52.25°N 9°W | |||
| Wikimedia Commons: Munster, Ireland | |||
Provinsen var opphavleg delt inn i seks regionar: Tuadh Muman (Nord-Munster), Des Mhuman (Sør-Munster), Urh Mhuman (Aust-Munster), Iar Mhuman (Vest-Munster), Ernaibh Mhuman (Ernaistammen sitt område) og Deisi Mhuman (Deisistammen sitt område). Desse vart etter kvart overtatt av tre kongedøme som utvikla seg i provinsen: Thomond i nord, Desmond i sør og Ormond i aust. Desse vart etter kvart til jarledøme. For det historiske irske kongedømet Munster, sjå Mumu.
Dei tre kronene i flagget representerer dei tre kongedøma. Flagget kan lett forvekslast med Dublin sitt flagg, som har tre slott plassert på liknande måte på ein blå bakgrunn.
Byar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Munster» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.
