Logroño
Logroño er ein by nord i Spania ved elva Ebro. Han er hovudstad i den autonome regionen La Rioja, tidlegare kalla provinsen Logroño.
| Logroño | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | La Rioja | ||
| Høgd | 384 m | ||
| Areal | 79 570 000 km² | ||
| Folketal | 152 150 (2025)[1] | ||
| Grunnlagd | 1095 | ||
| Postnummer | 26001–26009 | ||
Logroño 42°28′12″N 2°26′44″W / 42.47°N 2.4455555555556°W | |||
| Wikimedia Commons: Logroño | |||
Byen har kring 150 000 innbyggjarar og er handelssenter for Rioja-vinen, som området er kjent for. Her vert òg produsert tømmer, metall og tekstilar.
Geografi
endreHistorie
endre
Logroño er ein gammal busetnad, først under romarane med namnet Vareia, og så av keltarar. Frå 900-talet kjempa Kongedømet Navarra og Kongedømet Castila om byen. Regionen vart til slutt annektert av Castilla. Alfonso VI av Castilla gav Logroño byrettar i 1095 som fungerte som modell for andre spanske byar. I 1609 og 1610 var Logroño hovudsete for inkvisisjonen, der påståtte baskiske heksar vart brende.
Kjelder
endre- ↑ Instituto Nacional de Estadística (13. desember 2025), Padrón municipal de España de 2025, Wikidata Q137426716
- Denne artikkelen bygger på «Logroño» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2009.