League of Legends

dataspel frå 2009

League of Legends er eit free-to-play MOBA-spel er utvikla og publisert av Riot Games for både Microsoft Windows og Mac. Spelet blei først annonsert den 7. oktober 2008, og utgjeve 27. oktober 2009. Det var i lukka «beta» frå 10. april 2009 til 22. oktober 2009, og blei omgjort til open «beta» fram til sleppdatoen. Det henta mykje av inspirasjonen sin frå Warcraft III-modifikasjonen Defense of the Ancients (DOTA).

League of Legends

Utviklar(ar)Riot Games
Utgjevar(ar)Riot Games, Tencent, THQ, Garena
DistributørRiot Games, Epic Games Store
SerieLeague of Legends
Siste versjon14.22
Plattform(er)macOS, Microsoft Windows, Android, iOS, TGP Box
Utgjeving27. oktober 2009
SjangerMOBA
Spelemodusfleirspelar, samarbeid, PvP
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttps://www.leagueoflegends.com/
Del av serien League of Legends⠀

Målet med spelet er å få eit overtak over motstandarane sine ved å overliste dei i spelet på forskjellige måtar. Til slutt kan ein vinna spelet på to måtar: enten ved å øydelegga basen til fienden eller ved at dei gjev opp spelet.

Arenaer

endre

Spelet har fire ulike arenaer eller kart som ein kan spela i ulike modusar. Alle arenaene er spegla på kryss over midten for å skape ein rettferdig balanse uansett kva sida ein kjempar på.

Hovudarenaen Summoners Rift er den største og det er mogeleg å spele alt ifrå to stykk i costume mode til tolv stykk i Hexakill mode. Denne arenane består av tre vegar (også kalla lanes) saman bunde av ein jungel med småvegar. Langsmed kvar hovudveg står det til saman seks turrets og to inhibitors Denne bana har også «Neutral Mob Camps», dette er monster som spelarane kan drepe for å få gull og spesielle fordelar. Begge sidene har fem identiske «Mob Camps» og imellom dei to sidene er det to felles som kvar side må kjempe om.

Roller

endre

Dei forskjellige karakterane som blir kontrollerte av spelarane har ulike roller. I «Top lane» går det ein champion aleine, og har ansvar for å halde motstandaren under kontroll. I «Mid lane» er det mykje det same, men denne spelaren har også ansvar for å hjelpe dei andre spelarane.

I den siste lanen «Bot lane» går spelarane som oftast to og to. Den eine rolla blir kalla ADC (Attack Damage Carry). Denne spelaren har ansvar for å få mest mogeleg gull, han skal sørgje for at laget for mest mogelege angrepstyrkje når lagane går imot kvarandre. Den andre rolla som blir spelt botlane er Support. Den som spelar Support har ansvar for å hjelpe den som spelar ADC og verne han frå dei andre spelarane. Det er også ein spelar som ikkje oppheld seg i nokon av dei tre lanene. Denne spelaren blir kalla ein «Jungler». Denne spelaren si oppgåve er å skaffe seg gull ved å drepe dei nøytrale monstera imellom lanene. Denne spelaren har også hovudansvaret for å hjelpe dei andre lanene.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Commons har multimedium som gjeld: League of Legends