Knud Leem[a] (fødd 13. februar 1697 i Haram, daud 27. februar 1774) var ein norsk prest, misjonær og språkforskar.

Knud Leem
Fødd13. februar 1697
Død27. februar 1774
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, misjonær, luthersk prest
Alma materKøbenhavns Universitet

Samisk språk

endre

Knud Leem innleia det vitskaplege studiet av samisk, med ein grammatikk frå 1748, og to ordbøker, frå 1756 og 1768. Han var også leiar for Seminarium Lapponicum ein periode, og han arbeidde i lag med Anders Porsanger.

Grammatikken vitnar om ein innsikt i samisk som var meir inngåande enn for andre samiske grammatikkar frå 1700-talet. Leem har ei stammeklasseinndeling som er ganske lik den vi opererer med i dag. Han kommenterer også stadievekslinga, men meir som ein tendens enn som ein regel.

Leem bygde på språket i Porsanger, dvs. ein austleg dialekt av nordsamisk. Ordbøkene hans inneheld eit ordmateriale som framleis er interessant for språkforskinga. Konrad Nielsen si ordbok har hovudvekta på dialektane i Polmak, Karasjok og Kautokeino, og Leem representerer altså ein annan dialekt.

Samisk kultur og religion

endre
Ein samisk sjaman med runebomme (meavrresgárri). Illustrasjonane er stukne i kopar av O.H. von Lode i Firenze, etter eigenhendige «levende Tegninger» av Knud Leem sjølv, for hans Beskrivelse over Finnmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse, (1767).

Leems viktigaste bokutgåve er det topografiske verket Beskrivelse over Finmarkens Lapper, ... (1767), med merknader ved biskop Gunnerus og ein religionshistorisk studie ved Jessen-Schardeböll. Her beskriv han liv og levemåte blant samar, deira klede og draktskikkar, mat og tilverknad av mat, jakt, fiske og jaktreiskapar, o.s.b.. Eit rikt, men i mange tilfelle forteikna illustrasjonsmateriale, er med på å gjere skriftet til den viktigaste dokumentasjon vi har omkring eldre, samisk kultur, på same tid som boka reknast med blant dei beste topografiske verka som vart publiserte i Norden på 1700-talet.

Norsk språk

endre

I følgje Torleiv Hannaas (forord til Leem (1923), s. XI) har Knud Leem gjeve den rikaste innsamlinga av norsk språk i heile dansketida, ei samling på 4000 norske ord. Attom dette låg oppfordringa frå Missions-collegiet i København. Leem fortel i forordet til "En Lappisk Grammatica" at det at kollegiet i 1743 "utstædte Ordre til at vige Underretning om Norske Ord, og Talemaader anledigde mig til at forfatte en Lappisk grammaticam: (... ) Efterdi man påå de høyere Stæder agter Norske Ord værd at spørge efter (...) snakede jeg af adskillige Steders Dialecter en Samling af henved 3000 Norske Ord.

Leem si innsamling av det norske ordforrådet kom med andre ord som ei følgje av at han først hadde arbeidd med samisk, og den metodologiske tilnærminga han hadde komme fram til i samband med arbeidet med samisk kom også arbeidet med den norske ordlista til gode. Rett nok hadde han ikkje kunnskap om gammalnorsk, men han var i langt større grad enn andre prestar i stand til å skrive ned dei norske orda etter den lydmessige forma dei verkeleg hadde. Han førte også opp kvar i landet han hadde dei ulike formene frå. Ordsamlinga er ikkje ei ordbok i vanleg forstand, ord som er dei same i norsk og dansk er ikkje med, men ut over det er dette ei god ordbok med gode forklaringar. Døme på ordartiklar:

Ein Daam (Een Daam) : Efter een deel St@ders dialect i Trundhiems Stift en sterk ond Lugt.
Ein Dail (Een Dail) Saa kalder de på Sundmør enn liden Bøtte at bære i Haanden med Laag paa, og med et Haand-fang paa Laaget at bære dend ved.
Aa Daltre ette (At Daltre efter) : Efter een Deels Talemaade at følge med i hvert Rum. Det siiges mest om smaae Børn, som gierne vil følge med Forældrene, ovor de gaaer.

Ordboka inneheld også norske ordtak.

Merknadar

endre
  1. Latinisert namn: Canuti Leemus.

Sjå også

endre

Bibliografi (utval)

endre

Bakgrunnsstoff

endre