Klor

grunnstoff med kjemisk symbol Cl og atomnummer 17

Klor (frå gresk chloros, grøn) er eit grunnstoff med atomnummer 17 og kjemisk symbol Cl. Det er eit ikkje-metall som opptrer i gassform ved romtemperatur. Ein finn det i gruppe 17 i periodesystemet saman med dei andre halogena. Klor er reaktivt og kan ha mange oksidasjonstal i kjemiske sambindingar.

Svovel Klor Argon

Basisdata
Namnklor
SymbolCl
Atomnummer17
UtsjånadGulgrøn
Plass i periodesystemet
Gruppe17
Periode3
Blokkp
Kjemisk serieHalogen
Atomeigenskapar
Atomvekt35,4527 u
Kalkulert atomradius100 (79) pm
Elektronkonfigurasjon[Ne]3s2p5
KrystallstrukturOrtorombisk
Fysiske eigenskapar
StofftilstandGass
Smeltepunkt−100,98 °C, 172,17 K
Kokepunkt−33,97 °C, 239,18 K
Molart volum11030 cm³/mol
Tettleik3,214 kg/m³
Hardleikn.a. kg/m³
Fordampningsvarme10,20 kJ/mol
Smeltevarme3,21 kJ/mol
Damptrykk1300 Pa
Lydfart206 m/s
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
3
Elektrisk leiingsevne< 10−7 MS/m
Termisk konduktivitet0,0089 W/(m·K)
Ioniseringspotensial1251,2 kJ/mol

Særlege kjenneteikn

endre

Klor er eit sterkt oksiderande, bleikande og desinfiserande stoff. Gassen av det reine grunnstoffet er gulgrøn, to og ein halv gong så tung som luft, har ei sterk og ubehageleg lukt, og er svært giftig.

Klor er eit av dei mest elektronegative grunnstoffa etter oksygen og fluor.

Klorgass har vorte brukt til kjemisk krigføring under den første verdskrigen.

Reingjeringsmiddel som klorin inneheld hypokloritt.

Det er vanleg å klorera drikkevatn for å drepa bakteriar.

Historie

endre

Klor vart oppdaga av Carl Wilhelm Scheele i 1774.

Biologisk rolle

endre

Klor i form av klorid (Cl-) er nødvendig for pattedyr og plantar. Magesyra inneheld saltsyre (HCl).

Førekomst

endre

Det finst store mengder klor i naturen i form av salt og andre sambindingar. Nokre av desse er nødvendige for dei fleste typar liv, blant dei menneskekroppen.

Sambindingar

endre

Kloridion frå oppløyste klorsalt utgjer rundt 1,9 % av massen av sjøvatn. I Dødehavet er konsentrasjonen endå større.

Viktige sambindingar:

Isotopar

endre

Tryggleik

endre

Klorgass er giftig.

Sjå også

endre

Bakgrunnsstoff

endre