Hengjebjørk
Hengjebjørk, hengebjørk, vortebjørk eller låglandsbjørk (Betula pendula) er eit tre i bjørkeslekta.
| Hengjebjørk | |
Hengjebjørk | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av Hengjebjørk | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Bøkeordenen Fagales |
| Familie: | Bjørkefamilien Betulaceae |
| Underfamilie: | Betuloideae |
| Slekt: | Bjørk Betula |
| Art: | Hengjebjørk B. pendula |
| Vitskapleg namn | |
| Betula pendula | |
Ein skil treet frå dunbjørka ved at hengjebjørka har dobbelt sagtakka blad, harpiksvorter på årsskota og oppsprokken skorpebork på gamle stammar. Skota kan ofte henge, noko som har gjeve namn til treet.
Hengjebjørka har kromosomtalet 2n=28, medan dunbjørka har 2n=56; trea vil likevel kunne danne hybrid med 2n=42.
I Noreg veks hengebjørka på tørre marker i låglandet nord til Trøndelag, elles i Saltdal, Sørfold og Sør-Varanger.[2]
Bruk
endre
Av bjørkeartane som veks i Noreg, er det hengjebjørk som har produserer trevirke av best kvalitet. Spesielt ettertrakta er masurbjørka som har ved med flammespel.
Hengjebjørka er ofte planta i hagar og parkar. Det finst mange kultivarar til hagebruk, blant dei er orrnäsbjørk eller var. dalecarlica, som har særs djupe bladfliker.
Kjelder
endre- Johannes Lid, Norsk og svensk flora. Det Norske Samlaget 1974. ISBN 82-521-0297-2
- Referansar
- ↑ Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (2021-11-24). «Karplanter: Vurdering av hengebjørk Betula pendula for Norge. Norsk rødliste for arter 2021». Artsdatabanken. Henta 2022-03-13.
{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) - ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 2022-03-13. Henta 2022-03-13.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Hengjebjørk hos Artsdatabanken
- (en) Hengjebjørk i Catalogue of Life
- (en) Hengjebjørk i Encyclopedia of Life
- (en) Hengjebjørk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Hengjebjørk hos Dyntaxa
- (en) Hengjebjørk hos ITIS
- (en) Hengjebjørk hos NCBI
- (en) Hengjebjørk hos Panarctic Flora
- (en) Hengjebjørk hos Plants of the World Online
- (en) Hengjebjørk hos The International Plant Names Index
- (en) Hengjebjørk hos Tropicos