Falungong
Falungong[a] er ei rørsle kring ein qigong- og meditasjonsmetode som blei gjort kjend i Kina i 1992 av grunnleggjaren Li Hongzhi. Metoden er òg blitt kalla falundafa.[b] I litteraturen til rørsla viser metoden til å oppnå andeleg opplysing og fysisk fullending. Dette gjer ein ved å studere undervisinga i falungong og følgja eigenskapane sanning, godheit, tolmod, og ved å utføra fem qigong- og meditasjonsøvingar.

Tenkinga i falungong har visse likskapar med daoisme og buddhisme, men utøvinga skjer ute i samfunnet og ikkje i religiøse bygningar.
Innhald
endre
Dei fysiske øvingane i falungong er i grunnen gamle qigongøvingar. På same vis som taiji blir falungong ofte utøvd i parkar. Dei fysiske øvingane blir kombinerte med ein filosofi beskriven av Li Hongzhi. «Falun» tyder ordrett ‘dharma-hjul’ eller ‘lov-hjul’, og er opphavleg eit omgrep frå læra til Buddha. I filosofien nytta ein òg dei tre orda «Zhen-Shan-Ren», der «Zhen» står for sanning/ærlegdom, «Shan» for godheit, medkjensle, nåde og «Rein» for tolmod, uthald og toleranse.
Falungong-læra blir er skildra i boka Zhuan Falun.
Zhuan Falun[2] kom ut i Kina i 1996, og selte bra i Beijing. Ho er seinare blitt omsett til kring 40 språk. Boka tek mellom anna for seg:
- Opphavet til qigong og den ifølgje Li Hongzhi i lang tid gløymde tydinga av «kultivering»
- Opphavet til karma, effekten av det og omvandling til dygd
- Relasjonen mellom falungong og qigong, buddhisme, daoisme og andre kultiveringsmetodar
- Tydinga og funksjonen til overnaturlege evner
- Vegetarianisme eller ikkje
- Spørsmålet om tilknyting (til materielle ting og illusjonar)
- Ekte, integrert kultivering av kropp og sjel
- Diskusjon og definisjon kring kva omgrepa opplysning og fullending inneber.
Boka Falungong (opphavleg med tittelen Kinesisk Falungong) kom ut i 1993. Li Hongzhi hevda at han i denne boka opphevde originale, svært gamle og gløymde prinsipp i qigong-utøvinga. Boka inneheld:
- Opphavet, måla og effektane til qigong.
- Relasjonen mellom falungong til qigong og buddhisme.
- Opphavet til sjukdommar og ekte eliminering av sjukdommar.
- Den verkelege tydinga av integrert kultivering av kropp og sjel.
- Korleis øvingane innan falungong skal utførast (med instruksjonar og fotoillustrasjonar).
- Detaljerte forklaringar av korleis øvingane fungerer og på kva måte dei ifølgje Li Hongzhi er unike.[3]
Utbreiing
endreFalungong blei introdusert i nordaustlege Kina i 1992 av Li Hongzhi, som underviste der fram til 1995. Seinare blei Li Hongzhi invitert til Europa for å læra metoden sin der. Han busette seg seinare i Brooklyn i New York. Falungong spreidde seg og finst no i over 60 land.
Talet på utøvarar er estimert til mellom 70 og 100 millionar det året då rørsla blei forboden i Kina. Rørsla Falungong, som sjølv hevdar å ha fleire utøvarar enn det er medlemmar i det kinesiske kommunistpartiet,[4] vel ikkje-valdsaksjonar. Rørsla har kritiset partiet, og er blitt kalla «anti-KKP» av partiet.[5] Talet på medlemmar i USA blei på same tida rekna til over 10.000. Elles finst det lite data på grunn av den lause organisasjonen til falungong.[6]
Forfølging i Kina
endreMetoden auka i popularitet på midten av 1990-talet. 25. april 1999 demonstrerte 10 000 falungongangangangangarar utanfor regjeringsbygningen i Beijing for å krevja offisiell anerkjenning av rørsla.[7] Styresmaktene tillet fyrst utøvinga, men endra seinare syn, og rørsla blei forboden av kommunistpartiet i Kina 20. juli 1999. Den direkte grunnen til forbodet, ifølgje analysen til nyheitsprogrammet Aktuellt 24. juli 1999 skal bakgrunnen særleg ha vore at den dåverande presidenten Jiang Zemin følte at stillinga hans var utrygg, og at han ville bruka nedslaget på falungong som eit teikn på styrke og legitimitet. Andre trur det var på grunn av rørsla si evne til å raskt samla folk til demonstrasjonar, og det at fleire utøvar var partimedlemmar.
Kilgour-Matas-rapporten som kom ut i 2006 viste at den kinesiske staten hadde avretta eit stor tal falungong-utøvarar.[8] Rapporten meinte òg det var mogleg at organa frå 41 500 organtransplantasjonar som vart gjort på kinesiske sjukehus i perioden 2000-2005 kunne ha kome frå desse avretta fangane.[9] På grunn av dei kinesiske styresmaktene sin kontroll av informasjon er det vanskeleg å estimera det totale talet på offer, men det er estimert at falungongutøvarar utgjer majoriteten av fangar i fleire kinesiske arbeidsleirar.[10]
Merknadar
endre- ↑ tradisjonell kinesisk 法輪功, forenkla kinesisk 法轮功, pinyin Fǎlún Gōng
- ↑ tradisjonell kinesisk 法輪大法, forenkla kinesisk 法轮大法, pinyin fǎlún dàfǎ
Kjelder
endre- ↑ Falun Arkivert 25. oktober 2011 på Wayback Machine. Falun Dafa Sverige
- ↑ Hongzhi, Li. «Zhuan Falun». falundafa.org. Arkivert frå originalen 17. juli 2006.
- ↑ Falungong.org (2007), Falundafa - Böckerna
- ↑ «Gymnastik som politisk rörelse». 1. august 1999.
- ↑ Falungongs egen information Reference Material: The Nature of the Chinese Communist Party Determined That It Would Inevitably Defame Falun Gong (Part I) Arkivert 27. september 2007 på Wayback Machine.
- ↑ Adherents.com (1999 gjordes den senaste uppskattningen av antalet anhängare), s 88
- ↑ «Över 2 000 anhängare av Falun Gong gripna». 22. juli 1999.
- ↑ David Kilgour, David Matas. «(6 July 2006, revised 31 January 2007) An Independent Investigation into Allegations of Organ Harvesting of Falun Gong Practitioners in China (free in 22 languages) organharvestinvestigation.net».
- ↑ «BLOODY HARVEST». organharvestinvestigation.net. Henta 29. mai 2020.
- ↑ U.S. Department of State. «2008 Country Report on Human Rights: China (includes Hong Kong and Macao), Oct 2008. Quote: "Some foreign observers estimated that at least half of the 250,000 officially recorded inmates in the country's reeducation-through-labor camps were Falun Gong adherents. Falun Gong sources overseas placed the number even higher."».
- Denne artikkelen bygger på «Falungong» frå Wikipedia på svensk, den 11. mai 2026.