Falcon Heavy er ein bererakett utvikla av SpaceX. Han kan skyta opptil 54 tonn nytelast opp i jordbane.[1]

Falcon Heavy på oppskytingsrampe 39A
Falcon Heavy under oppskyting
Siderakettane frå ei oppskyting kjem inn for landing på Cape Canaveral
Midrakett kjem inn for landing på prammen Of Course I Still Love You ute i Atlanterhavet

Den fyrste oppskytinga av raketten fann stad 6. februar 2018 og var ei prøveoppskyting. Ho sende ein Tesla Roadster ått av Elon Musk med ei dokke i førarsetet inn i solbane.[2] Den fyrste kommersielle oppskytinga fann stad litt over eitt år seinare, 12. april 2019 norsk tid.[3]

Fyrstesteget til Falcon Heavy er sett saman av tre Falcon 9-rakettar med ni Merlin-rakettmotorar kvar, slik at heile fyrstesteget i alt har 27 rakettmotorar. Dei tre fyrstestegsrakettane er sette saman slik at ein rakett sit i midten og ber andresteget med nyttelasta, medan dei to andre rakettane er feste til midraketten på kvar si side.[1]

Kjelder

endre