Eriskay (skotsk-gælisk Eirisgeidh, norrønt Eiriksey) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Namnet kjem frå det norrøne «Eiriksøya». Ho ligg mellom South Uist og Barra og er knytt til South Uist med ein molo, som opna i 2001. Same året opna ferjekaien for sambandet mellom South Uist og Barra.

Eriskay
Lokalt namn Eirisgeidh
Geografi
Eriskay is located in
StadAtlanterhavet
Koordinatar57°04′N 7°17′W / 57.07°N 7.29°W / 57.07; -7.29
ØygruppeYtre Hebridane
Areal7,03 km²
Høgaste punktBen Scrien (185 moh.)
Administrasjon
LandSkottland
RegionYtre Hebridane
Demografi
Folketal133 (2001)
Folketettleik18,9 /km²
Eriskay markert på kart.

Sjølv om er ei liga øy som er 4 km lang og 2 km brei er ho kjend langt utanfor Hebridane. Ho er omtalt i den hebridiske folkesongen Eriskay Love Lilt, Eriskay-ponni og Eriskay-trøye. Den 2. august 1745 la den vesle fregatten «le Du Teillay» til lands med Charles Edward Stuart og sju av mennene hans. Her starta dei Jakobittopprøret som var dette året.

Kjelder

endre