Emil Karlsen

norsk samisk kunstnar og musikar

Emil Ráste Nikolavu Karlsen (fødd i 1997) er ein norsk samisk kunstnar, artist og skodespelar frå Storfjord i Nord-Troms. Karlsen er vokalist og gitarist i poprock-bandet Resirkulert[1] og har ei solokarriere under kunstnarnamnet Emil Kárlsen. Han vart vald som Riddu Riđđus unge kunstnar i 2019.[2]

Emil Kárlsen

Fødd1997 (29 år)
FødenamnČávkkus-Emil
Instrumentvokal, gitar
Verka sommusikar, songar, gitarist, skodespelar
PrisarÅrets unge kunstner
Karlsen under Riddu Riđđu-festivalen 2018
Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen

Karlsen er sjøsame og oppvaksen i Oteren i Storfjord kommune. I vaksen alder lærte han seg å joike og gav ut ein joik til bestefaren sin i 2018 som han òg framførte på Nordlysfestivalen.[3]

I 2021 gav han ut albumet Nágirvárrái saman med artisten Lávre.[4] Der deltek òg andre samiske musikarar som Katarina Barruk, Ulla Pirttijärvi og Hildá Länsman.

Karlsen debuterte òg som skodespelar i 2021, då han spela Jussi i Beaivváš Sámi Našunálateáhter si oppsetjing av Koke bjørn, basert på boka av Mikael Niemi.[5][6] I 2023 spela han hovudrolla i stykket Bjørnejegeren Ol-Tomså, også dette hjå Beaivváš.[7]

Diskografi

endre

Med Resirkulert:

Soloalbum:

Kjelder

endre
  1. Pulk, Ronald (2018-10-20). «– Det er skummelt å joike offentlig» (på norsk bokmål). Henta 2019-07-13.
  2. «Samtale med Årets unge kunstner Emil Karlsen» (på norsk bokmål). Henta 2019-07-13.
  3. Pulk, Ronald (2018-10-20). «– Det er skummelt å joike offentlig» (på norsk bokmål). Henta 2019-07-13.
  4. NRK (2021-07-12), ««Nagirvárrái» skearru almmuhuvvo», NRK, henta 2022-02-11
  5. Bjørnback, June Grønnvoll (2021-03-02), «Emil Karlsen har hovedrollen når Beaivváš setter opp Mikael Niemis «Koke bjørn»», NRK (på norsk bokmål), henta 2023-06-18
  6. Beaivváš Sámi Našunálateáhter. «Debuterer sammen med sin helt» (på norsk bokmål). Henta 2023-06-18.
  7. Beaivváš Sámi Nášunalateáhter. «Ol-Tomså (2023)» (på norsk bokmål). Henta 2023-06-18.