Ely
Ely er ein liten by i Cambridgeshire i England. Byen har kring 20 000 innbyggjarar. Han er hovudby i den tradisjonelle regionen Isle of Ely.
| Ely | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Cambridgeshire | ||
| Distrikt | East Cambridgeshire | ||
| Areal | 23 km² | ||
| Folketal | 20 256 (2011)[1] | ||
| Grunnlagd | 673 | ||
| Postnummer | CB6, CB7 | ||
| Retningsnummer | 01353 | ||
Ely 52°23′53″N 0°15′44″E / 52.398055555556°N 0.26222222222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Ely, Cambridgeshire | |||
Byen vart grunnlagd i 673 av St. Ethelreda, dotter av kong Anna. Han vart bygd opp omkring eit kloster nord for landsbyen Cratendune på Elyøya, som ligg i elva Great Ouse. Byen var ei viktig hamn for elvetrafikken fram til 1700-talet.

Klosteret vart øydelagt av danske vikingar i 870, og vart ikkje bygd opp att før hundre år seinare. Ely var ein av dei siste stadane i England som gjorde motstand mot Vilhelm Erobraren, og kapitulerte ikkje før i 1071. Bygginga av Elykatedralen vart starta av Vilhelm i 1083, og fullført i 1351. Ely bispedøme vart etablert etter at katedralen var starta, i 1109. Ved reformasjonen vart det eit anglikansk bispedøme, som i 1995 hadde ansvar for 610 000 medlemmar av kyrkja. I 1381 tok byen del i Bondeopprøret.
Oliver Cromwell budde i Ely i fleire år, etter at han arva stillinga som skatteinnkrevjar i 1636.
Kjelder
endre- ↑ «Key Statistics»; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition); vitjingsdato: 23. juni 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Ely» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.