Dock
Apple OS X har ein såkalla Dock nedst på skrivebordet.
Denne kan seiast å vera oppgåvelinja og startmenyen i Windows slått saman. Han er enkel, kan innehalda mange snarvegar, og kan krympast og forstørrast. Om ein vil kan han òg innstillast til å skjulast automatisk. Apple sin dock viser om programmet køyrer. I Leopard ser ein dette med eit virtuelt lys under kvart ikon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dock» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2009.
.