Dion Cooper

nederlandsk songar og låtskrivar

Dion Cuiper (fødd 29. november 1993 i Wassenaar), kjend under artistnamnet Dion Cooper, er ein nederlandsk songar og låtskrivar.[1] Han deltok i den sjette sesongen av talentprogrammet The Voice of Holland i 2015, og han representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med Mia Nicolai og låten «Burning Daylight».

Dion Cooper

Fødd29. november 1993 (32 år)
FødestadOuder-Amstel
AliasDion Cooper
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv2015
Instrumentgitar
Verka somsongar, popsanger, musikar

Bakgrunn

endre

Cuiper blei fødd i 1993 og vaks opp i kystbyen Wassenaar, like nord for Haag. Faren var trommeslagar i eit funkband og introduserte sonen tidleg for ulike musikksjangrar og artistar som Toto, The Police, The Beatles og Jimi Hendrix.[2][3] Gjennom faren utvikla Cuiper ein stor interesse for musikk, og han byrja å spele gitar som femtenåring.[3] Dei påfølgjande åra byrja Cuiper å skrive eigen musikk, og han starta som 18-åring å synge sjølv.[3][4]

I 2015 stilte Cuiper til prøvesynging i den sjette sesongen av talentshowet The Voice of Holland på tv-kanalen RTL 4. Han gjekk vidare til hovudrunden med den nederlandsk-marokkanske rapparen Ali B som mentor, men blei slegen ut i utslagsrundane før liveshow-sendingane.[5]

Cuiper debuterte musikalsk med EP-en Too Young too Dumb i 2021, etterfølgd av singelen «Fire» som han framførte saman med artisten Maxine. Hausten 2022 slapp han singelen «Blue Jeans», som han skreiv saman med samarbeidspartnaren og Eurovision-vinnaren Duncan Laurence. Året før hadde Cuiper vore støttemusikar då Laurence turnerte rundt i Nederland.

I november 2022 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Cooper skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool saman med Mia Nicolai.[6] Duoen blei slegen ut i semifinalen tysdag 9. mai 2023.[7]

Cuiper skildrar musikkstilen sin som «klassisk rock møter songar-låtskrivar, eller Bryan Adams møter Harry Styles».

Referansar

endre
  1. «Onzeuittips voor komende week: van Duncan Laurence in Paradiso tot bladeren zoeken in de Hortus». Het Parool (på nederlandsk). 2021-11-04. Henta 2022-12-29.
  2. «DionCooper». Dion Cooper (på engelsk (USA)). Henta 2022-12-29.
  3. 1 2 3 «Interviewmet Dion Cooper: een rijzende ster!». Gigstarter (på nederlandsk). Henta 2022-12-29.
  4. aussievision (2022-11-01). «Eurovision2023: Mia Nicolai & Dion Cooper will represent Netherlands with Duncan Laurence song». aussievision (på engelsk). Henta 2022-12-29.
  5. Veen, Renske ten (2022-11-01). «Netherlands: Mia Nicolai & Dion Cooper have a song titled "Chasing Highs"». wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 2022-12-29.
  6. «MiaNicolai en Dion Cooper voor Nederland naar Songfestival». nos.nl (på nederlandsk). 2022-11-01. Henta 2022-12-29.
  7. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 2023-05-18.