Chiyah
Chiyah (arabisk الشياح Ach-Chayyah) er ein by vest for den libanesiske hovudstaden Beirut og er ein del av Stor-Beirut.
| Chiyah | |||
| الشياح | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
| Distrikt | Baabda distrikt | ||
| Koordinatar | 33°51′43″N 35°30′49″E / 33.86194°N 35.51361°E | ||
Chiyah 33°51′43″N 35°30′49″E / 33.861944444444°N 35.513611111111°E | |||
Historisk har byen vore ein kristen by, men han har vorte delvis busett av sjiaer. Under osmansk tid vart han styrt av Arslan-familien og seinare av Shihab-dynastiet.
Chiyah ligg i den sørvestlege forstaden til hovudstaden Beirut og grensar til Haret-Hreik, Ghobeiry, Hadath, Hazmieh, Furn-el-chebbak og Ain El Remanneh. Men før 1956 brukte han å dekkje eit større område som omfatta dei noverande distrikta Karm el Zeitoun, Hayy el Knissé, Bir Abed og Haret el Mjadlé as well as Jnah, Ghobeiry, Furn-el-chebbak, Bir Hassan og Ain El Remanneh.
Byen var ein gong dekt av sitrushagar og strekte seg til Middelhavet, men er i dag ein forstad til Beirut med kring 60 000 innbyggjarar.
I Chiyah bur familien Gharios, ein av dei mest kjende og rikaste familiane i Libanon med røter attende til den kjende Sheiks Chemor frå Kfarhata (tidlegare kristne herskarar av Aaqoura og Zgharta).[treng kjelde]. Andre markante innbyggjarar i Chiyah er dei døde ministrane og paralmentsmedlemane Michel Zaccour og Wadih Naim og legen Nakhleh Achkar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chyah» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

