Batley er ein liten by i West Yorkshire i England. Han ligg nord for Dewsbury, like ved motorvegen M62.

Batley
by
Land  England
Region West Yorkshire
Distrikt Kirklees
Folketal 80 485 (2011)[1]
Postnummer WF17
Retningsnummer 01924
Kart
Batley
53°43′00″N 1°38′08″W / 53.716666666667°N 1.6355555555556°W / 53.716666666667; -1.6355555555556
Wikimedia Commons: Batley
Carnegie Library i Batley.
Foto: Tim Green

Byen var i viktoriansk tid eit sentrum for det som vart kalla «the shoddy trade», den tilsmussede næringa. Filler og gamle klede vart resirkulert til teppe, pledd og uniformer. Eigarane av føretaka som dreiv med dette vart kalla shoddy barons og det var òg ein shoddy King. Det store huset som no er Bagshaw Museum i Wilton Park vart bygd av ein av desse «baronane».

Batley Grammar School har hatt fleire kjende elevar: Sir Titus Salt, som grunnla mønsterlandsbyen Saltaire og dessutan Joseph Priestley, Josiah Wedgwood og kaptein James Cook.

Byen har saman med Dewsbury slite med økonomiske problem i lengre tid, og begge har vorte med i eit EU-program for å avhjelpe dette.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Commons har multimedium som gjeld: Batley