Arusha er ein by i nordlege Tanzania, og regionshovudstad i Arusha-regionen. Ved folketeljinga i 2012 hadde han 416 442 innbyggjarar. Arusha er omringa av nokre av dei best kjende landskapa og nasjonalparkane i Afrika. Byen ligg nedanfor Mount Meru på den austre kanten av Riftdalen, og ligg i nærleiken av Serengeti, Ngorongorokrateret, Manyarasjøen, Olduvaikløfta, Tarangire nasjonalpark og Kilimanjaro. Dessutan ligg Arusha nasjonalpark på Mount Meru.

Arusha
by
Land  Tanzania
Region Arusha-regionen
Areal 1 590 km²
Folketal 416 442 (2012)[1]
Kart
Arusha
3°22′00″S 36°41′00″E / 3.3666666666667°S 36.683333333333°E / -3.3666666666667; 36.683333333333
Wikimedia Commons: Arusha

Arusha er eit viktig økonomisk senter.[2] Hovudkvarteret til Den austafrikanske fellesskapen ligg i Arusha.[3] Sidan 1995 har byen husa Det internasjonale tribunalet for Rwanda nedsett av SN.[4] I 2006 blei Arusha også heim for Den afrikanske menneskerettsdomstolen.[5] Det er ein fleirkulturell by med ein afrikansk majoritet og store arabiske og indiske minoritetar, og dessutan europearar og amerikanarar.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Commons har multimedium som gjeld: Arusha